Kva er vegen vidare for PwC-rapportane?
Kommunedirektøren i Gulen føreslår fem punkt som beskriver vegen vidare for arbeidet med PwC-rapportane. Punkta inneber å sende rapportane ut på høyring, og starte dialog med nabokommunane.


Tidlegare i haust presenterte konsulentselskapet PwC sine to rapportar knytt til helse og omsorg og kultur og oppvekst i Gulen kommune. Rapportane inneheldt ei rekke føreslåtte tiltak for korleis kommunen kan drifte tenestene meir økonomisk effektivt.
Bakgrunnen for PwC sitt arbeid er at politikarane ønsker å sikre ei berekraftig økonomisk framtid for kommunen, særleg med tanke på auka press på tenestene innan helse og omsorg.
Torsdag i neste veke skal kommunestyret i Gulen samlast for siste gong i 2025, og på sakskartet står vidare oppfølging av PwC-rapportane.
Ut på høyring
Kommunedirektøren si tilråding til vegen vidare består av fem punkt. Punkt 1 er å sende rapportane ut på offentleg høyring slik at innbyggarar og andre aktørar kan kome med sine meiningar om innhaldet og PwC sine føreslåtte tiltak.
"Administrasjonen tilrår at rapportane vert sendt på offentleg høyring frå desember 2025 til utgangen av januar 2026, slik at høyringsuttalane kan vere med som eit underlag til dei vidare faglege vurderingar som skal gjerast før saker kjem opp til politisk behandling utover våren og til sommaren 2026", skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga til politikarane.
Det blir dermed lagt opp til at avgjerder knytt til dei mest drastiske tiltaksforslaga, inkludert strukturendringar både innan helsetenester og skule/barnehage, først blir tatt etter høyringsrunden.
PwC føreslår mellom anna å samle ein del helse- og omsorgstenester i eit nytt "helsehus" i Eivindvik, og å samle alle ungdomsskuleelevane på Dalsøyra.
Har sett på reisetid
Då rapportane vart lagt fram for politikarane i haust, vart det diskusjonar kring reisetida for ungdomsskuleelevane som eventuelt må reise lengst for å kome seg til ungdomsskulen på Dalsøyra.
PwC si tilråding er basert på at alle ungdomsskuleelevar (med eventuelt unntak av elevar på øyer utan fastlandsforbinding) har 60 minutt eller mindre aktiv reisetid til skulen i Dalsøyra. Den aktive reisetida inkluderer ikkje stopp undervegs, eller tid til og frå busshaldeplass.
Det fekk kommuneadministrasjonen beskjed frå politikarane om å ta ei særskild vurdering på.
Administrasjonen har vore i kontakt med Skyss for å få eit estimat på reisetid. Tilbakemeldinga er at det i rein køyretid vil ta ca. 60 minutt til og frå Byrknes, og 70 minutt til og frå Indre Oppedal (via Brekke og Rutledal).
Det vil i tillegg bli behov for "tre ekstra bilar/minibussar/bussar" for å handtere elevtransporten.
Vil starte dialog med nabokommunar
Men kanskje finst det løysingar på tvers av kommunegrensene. Det meiner i alle fall PwC at Gulen bør prioritere å undersøke, noko kommunedirektøren støttar opp om.
I dei politiske diskusjonane etter PwC-framlegginga vart det mellom anna peikt på eit teoretisk skulesamarbeid med Masfjorden, særleg knytt til elevar i Brekke og Oppedal på Gulen-sida og til Haugsvær og Matre på Masfjorden-sida.
Det vart også løfta tankar om å sjå på moglegheita for å sende Byrknes-elevar til Austrheim med same båt som vidaregåandeelevane nyttar. Det er viktig å presisere at dette førebels berre er lause tankar i dei politiske diskusjonane om framtidig skulestruktur.
Kommunedirektøren tilrår at Gulen no går i dialog med nabokommunane for å "sondere interesse, vilje og mogleg gevinst ved eit utvida interkommunalt samarbeid".
Samarbeid kan gjelde skule og oppvekst, eller andre tenesteområde som helse og omsorg.
Det er allereie i dag samarbeid innanfor enkelte tenesteområde, til dømes PPT-samarbeid mellom Gulen, Masfjorden, Austrheim og Fedje. Også innan NAV er det samarbeid mellom kommunane rundt Fensfjorden. Gulen har også eige samarbeid med Masfjorden mellom anna innan brann og redning, samt barnevern.
Kommunedirektøren meiner særleg Masfjorden er viktig å prate med, men vil også ta kontakt med Austrheim og Fedje.
"Samarbeid mellom kommunane kan gi stordriftsfordelar, større fagmiljø og betre ressursutnytting, men krev også tydelege ansvars- og styringsliner", skriv kommunedirektøren.
Kan starte arbeidet med enkelte tiltak, inkludert innskrenking i sommartilbod
Punkt 1 i vedtaksforslaget til kommunedirektøren handlar om å sende rapportane ut på høyring, og punkt 2 er ei beskriving av at administrasjonen, med utgangspunkt i høyringsinnspela, legg fram nye saker om tiltak for politikarane i løpet av våren.
Punkt 5 i forslaget er å kontakte nabokommunane for å starte sondering.
Dei to siste punkta handlar om å allereie starte arbeidet med enkelte tiltak som kan spare kommunen for pengar. Det inkluderer tiltak knytt til opningstider i barnehage og SFO.
PwC meiner kommunen har for mykje ope i desse tenestene i sommarmånadane, i alle fall samanlikna med andre kommunar. PwC føreslår å:
- slutte med sommarope i alle barnehagar.
- avvikle dagens ordning med sommarope SFO.
Kommunedirektøren ønsker at det blir starta eit arbeid med å endre vedtekter for barnehage og SFO, som kan sendast ut på høyring av hovudutvalet for oppvekst og kultur i januar.
Dei nye vedtektene vil i så fall beskrive korleis tilboda i barnehagane og SFO blir i sommarmånadane.
Kommunedirektøren ønsker også at "aktuelle tiltak med administrativ beslutningsmynde kan starte opp parallelt med høyring".
Administrasjonen har gått gjennom alle tiltaksforslaga frå PwC og kategorisert dei etter kva tiltak som krev politisk vedtak før igangsetting, og kva tiltak som kan startast opp administrativt. Nokre av dei administrative tiltaka kan kreve politisk behandling dersom det oppstår eit finansieringsbehov.
Medan tidlegare nemnde tiltak, som å endre skulestruktur og endre sommaropning i barnehage og SFO, krev politisk behandling, er det mange mindre tiltak som ikkje krev same prosess.
Det inkluderer tiltak som å etablere tydlegare felles rutinar og retningslinjer innan tenesteområda, til dømes knytt til ansvarsfordeling, oppgåvebeskriving, informasjonsdeling, ressursbruk og arbeidsprosessar.
Nokre tiltak handlar også om korleis kommunen er organisert på eit administrativt nivå, og endringar i dette kan heilt eller delvis løysast av administrasjonen sjølv.
Dermed har kommunedirektøren lagt fram sine forslag til vegen vidare, og det blir no opp til politikarane i kommunestyret å avgjere om dei vil stille seg bak dette, eller om dei vil gjere endringar i vedtaksforslaget.