PwC vil samle ungdomstrinna på Dalsøyra
Med unntak av Hovden barnehage, tilrår ikkje PwC at nokon av oppvekstlokasjonane i Gulen kommune blir lagt ned. Men dei vil samle alle ungdomsskuleelevane på Dalsøyra, og ber Gulen prate med nabokommunane om framtidig struktur.

I sist veke vart dei to PwC-rapportane som skal bidra til omstilling og ein meir berekraftig økonomi presentert for politikarane i Gulen. Den første rapporten handla om helse og omsorgssektoren, medan den andre rapporten omhandlar oppvekst og kultur.
I oppvekst-rapporten kjem PwC med tydelege tilrådingar knytt til struktur og organisering av sektoren. Det inkluderer mellom anna kvar tenestene skal vere plasserte. I dag er det skular og barnehagar, samla i såkalla "oppveksttun", både i Eivindvik, Byrknes, Brekke og Dalsøyra. I tillegg ligg Hovden barnehage under oppveksttunet på Dalsøyra.
PwC tilrår at alle oppveksttuna består, med nokre endringar. PwC anbefalar at:
- det blir halde fram med oppveksttun i Eivindvik, Byrknes, Brekke og Dalsøyra.
- alle ungdomstrinna blir samla på Dalsøyra.
- barnehagane på Dalsøyra og Hovden blir samla på Dalsøyra.
Det betyr at dei vil fortsette med dagens oppveksttun-modell, der kvart enkelt oppveksttun har sin eigen einingsleiar, i staden for rektor og barnehagestyrar. Under einingsleiarane kan det vere eigne avdelingsleiarar, til dømes med ansvar for barnehagedelen.
Evaluering av modellen
Men PwC meiner oppveksttun-modellen til Gulen må gjennom nokre evalueringar, særleg knytt til organisering og leiarstruktur. Dei skriv i rapporten at dei har inntrykk av at det "fortsatt er stedvis motstand mot modellen, spesielt knyttet til rollen som avdelingsleder barnehage".
"Motstand mot modellen oppleves å være knyttet til manglende rolleavklaring, manglende informasjonsflyt til barnehagene, manglende opplevd involvering og gjennomslagskraft for barnehagene og manglende synlighet for barnehagefaglige spørsmål", skriv PwC.
Samstundes trekk dei fram Brekke som eit oppveksttun der modellen fungerer godt, og der "skole og barnehage fremstår som tettere integrert enn ved de tre øvrige oppveksttunene".
PwC tilrår at kommunen må "gjennomgå og etablere felles og standardiserte arbeidsprosesser for oppveksttun", altså i større grad standardisere korleis alle oppveksttuna er organiserte.
"Gjennom intervjuer og innspill fremkommer det utfordringer med å få til gode arbeidsprosesser på tvers av skole og barnehage ved flere av oppveksttunene. Flere oppgir at det er manglende samordning og uklare rutiner", skriv PwC.
Også tydelegare prosesser kring budsjett og økonomi, blir i følge PwC etterlyst.
Har vurdert fem strukturalternativ
Tilrådinga er fire barnehagar, tre skular med 1. til 7. trinn (Brekke, Eivindvik, Byrknes) og éin skule med 1. til 10. trinn (Dalsøyra). PwC har vurdert denne løysinga opp mot fire andre alternativ.
0-alternativet er den strukturen som er gjeldande i dag.
"Det er PwC sin vurdering at dagens skolestruktur har for små miljøer, spesielt på ungdomstrinnet, noe som også er blitt formidlet tydelig til PwC underveis i prosessen", står det i rapporten.
Eit alternativ med berre éin skule i heile kommunen, lokalisert på Dalsøyra, har også blitt vurdert. PwC meiner det er det beste alternativet med tanke på skulemiljø for elevane og arbeids- og læringsmiljø for dei tilsette.
Derimot peiker dei på omsyn til reisetid, særleg for dei yngste elevane, og på omsyn til bygdene som mister sine lokale skuler. Viss alle trinn skal samlast på Dalsøyra, vil reisetida for mange av dei yngste elevane bli vesentleg lengre enn anbefalt.
Politikarane stilte spørsmål ved PwC sine vurderingar knytt til reisetid i kommnuen, noko som også gjenspegla seg i det politiske vedtaket. Sjå meir om det nedst i saka.
Kva omsyn skal telle mest?
Prosjektleiar for PwC, Robert Rastad, som gjekk gjennom rapporten for politikarane, forklarte at dei har jobba med å finne ut kva omsyn som skal vektast mest før det skulle gjerast tilrådingar knytt til skule- og barnehagestruktur.
Dette arbeidet vart mellom anna gjort i lag med foreldre, elevar, tilsette og andre relevante aktørar på arbeidsverkstadar som har blitt arrangerte.
Basert på tilbakemeldingane utgjer omsyn til elevar og barnehagebarn 50 prosent av vektingane som PwC sine tilrådingar baserer seg på. Omsyn til tilsette er blitt vekta 20 prosent, og omsyn til foreldre 15 prosent. Dei siste 15 prosenta er omsyna til bygd og lokalmiljø, inkludert lag og organisasjonar.
– Vi har lytta til det folk i Gulen har sagt til oss. Det som har kome inn som ein ganske massiv tilbakemelding til oss, er at omsynet til barna bør vektast minst 50 prosent, forklarte Rastad.
Dermed er oppmodinga frå PwC at det i skulediskusjonane framover blir lagt mest vekt på barnas beste, og ikkje på bygdepolitikk.
– Påstanden vi har fått frå nokon, er at det er bygdediskusjonen som har avgjort skulestrukturen, og ikkje omsyn til barn og tilsette, sa Rastad.
Prat med nabokommunane
PwC har i denne omgang sett på struktur og organisering innanfor kommunegrensene til Gulen, og konsulentselskapet meiner at endringane dei føreslår kan gjennomførast allereie innan neste skuleår, og utan behov for større ombyggingar eller investeringar.
Det kan gjere strukturendringane relativt enkle å gjennomføre, til dømes samanlikna med dei tilrådde endringane innan helse og omsorg.
PwC meiner samstundes at kommunen bør ta nokre større vurderingar kring framtidas struktur, og at det bør gjerast på tvers av kommunegrensene.
"Dersom elevtallet faller ytterligere, eller rekrutteringsutfordringene tiltrer, vil en ny skolestruktur tvinge seg frem", skriv PwC.
– Ei klar oppmoding frå vår side er å starte diskusjonar i lag med Masfjorden med tanke på å bygge meir robuste skular for denne regionen. Det er vår anbefaling, sa Rastad til politikarane.
Også Austrheim vart nemnd som ein potensiell samarbeidspartnar. I dag reiser mange vidaregåande-elevar til Austrheim, både med ferje og skyssbåt.
For PwC legg ikkje skjul på at dei andre oppveksttuna enn Dalsøyra vil bli i minste laget, og at dei blir endå mindre dersom ungdomsskuleelevane blir flytta. Det gjer også at PwC ikkje vil anbefale at også alle/fleire av mellomtrinna blir samla på Dalsøyra, då det vil gje skape svært små fagmiljø ved dei andre skulane.
Innsparingspotensial
Til sjuande og sist kjem tilrådingane på bakgrunn av Gulen-politikarane sine ønske om å redusere driftskostnadar. I tillegg står kommunen overfor demografiske utviklingar som kan føre til at meir pengar må brukast på helse og omsorg. Desse pengane må potensielt hentast frå oppvekstsektoren.
PwC innleier rapporten med å vise til at Gulen bruker mykje pengar på skule og oppvekst, samanlikna med samanliknbare kommunar, men at pengebruken ikkje går igjen på målingar av prestasjon.
PwC beskriver at Gulen har høg vaksentettleik på oppveksttuna, samanlikna med andre kommunar, men at "Gulen ikke scorer spesielt godt på mange av de målingene som er tilgjengelige".
"Tendensen er heller at Gulen til tross for svært høy lærertetthet og bemanningstetthet i barnehagen, faktisk ligger lavere enn det som kunne forventes på prestasjonsmålinger. Dette tyder, etter PwC sitt syn, på at Gulen ikke klarer å hente ut kvalitetseffektene av en sterk voksentetthet", skriv dei i rapporten.
Men dei meiner det ikkje skuldast kompetansen til dei tilsette, men heller "at strukturen skaper små enheter hvor ansatte blir stående i komplekse situasjoner". Det blir også peikt på at einingane er sårbare ved fråvær.
Med tanke på pengebruken meiner PwC at kommunen har eit "teoretisk innsparingspotensial". Noko av dette vil kunne skje ved å samle ungdomsskuleelevane på Dalsøyra.
Andre tiltak
Forutan strukturendringar og standardiserte arbeidsprosessar har PwC også nokon andre tilrådingar til politikarane. Dei anbefalar mellom anna at kommunen:
- sluttar med sommarope i alle barnehagar.
- avviklar dagens ordning med sommarope SFO.
- blir betre på å innhente og bruke data for å måle prestasjon/kvalitet/tilfredsheit.
- tildeler midlar til oppveksttuna på ein annan måte enn i dag.
Sistnemnde punkt handlar om å sjå på budsjettildelingar på nytt. PwC føreslår ein meir standardisert tildelingsmodell der skulane/barnehagane får tildelt midlar basert på ulike, men fastsette kriterium som tal barn og elevar, behov for tilrettelagt opplæring og liknande.
PwC meiner at ressursfordelingen i dag "i stor grad tar utgangspunkt i historiske tall, snarere enn å reflektere dagens faktiske behov og fremtidige utvikling i sektoren".
Når det gjeld dei sommaropne tilboda, påpeikte Rastad i møtet at Gulen tilbyr meir enn mange andre kommunar, og at kommunen bør evaluere dei faktiske behova. Det betyr å stille spørsmål om SFO skal halde stengt til dømes i juli månad, og om sommartilbod i barnehagane for eksempel skal samlast til éin av barnehagane.
Politiske diskusjonar
Rapportane og tilrådingane er meint å legge grunnlaget for dei politiske diskusjonane som følger. Det er lagt opp til politisk behandling som skal legge føringar for vegen vidare i desember. Etter dette ønsker også kommunedirektøren å legge rapportane ut på høyring slik at alle kan kome med sine meiningar.
Det vart likevel litt diskusjonar allereie i møtet i sist veke. Eit fleirtal i kommunestyret gjekk inn for at administrasjonen fram til desember-møtet skal gjere ei vurdering av den reelle reisetida for elevane i kommunen.
PwC si tilråding er basert på at alle ungdomsskuleelevar (med eventuelt unntak av elevar på øyer utan fastlandsforbinding) har 60 minutt eller mindre aktiv reisetid til skulen i Dalsøyra. Den aktive reisetida inkluderer ikkje stopp undervegs, eller tid til og frå busshaldeplass.
Politikarane stilte spørsmål ved om dette var reellt, og peikte mellom anna på utfordringar vinterstid.
I tillegg vil politikarane ha eit tydlegare bilete av kva slags kostnadsinnsparingar det ligg i å samle ungdomstrinna på éin skule.
Difor gjekk dei inn for følgande bestilling til administrasjonen, i lag med andre vurderingar knytt til rapporten:
"Administrasjonen ser i tillegg på faktisk reisetid for elevane og den økonomiske innsparinga ved å slå saman ungdomsskulane. Dette må vere klart før forslaget vert lagt ut på høyring."