No skal innbyggarane få seie sitt om PwC-rapportane
Høyringsrunde og bygdemøte er dei neste stega i Gulen sitt omstillingsprosjekt.


Kommunestyret i Gulen brukte i siste møte før jul god tid på å diskutere vegen vidare for PwC-rapportane og det store omstillingsarbeidet kommunen har starta på.
Omstillinga handlar om å skape ein berekraftig økonomi i kommunen basert på føresetnadane om at det blir fleire eldre og færre i arbeidsfør alder i framtida.
Konsulentselskapet PwC har i løpet av året sett nærare både på helse og omsorgsfeltet og kultur og oppvekst. Arbeidet kulminerte i to rapportar som vart presenterte i haust.
Blant dei anbefalte tiltaka til PwC er å samle fleire av helse- omsorgstenestene i eit nytt “helsehus” og samla ungdomsskuletrinna i éin skule.
Høyringsrunde
Før kommunestyremøtet hadde kommunedirektøren utarbeidd fem tilrådde punkt for korleis kommunen kunne arbeide vidare med PwC sine rapportar.
Kommunedirektøren sine tilrådde punkt inneber mellom anna at rapportane blir lagt ut på open høyring, at kommuneadministrasjonen startar opp arbeidet med enkelte tiltak som kan løysast på administrativt nivå og at rapportane blir delte med nabokommunane Austrheim, Fedje og Masfjorden med hensikt om “å sondere interesse, vilje og mogleg gevinst ved eit utvida interkommunalt samarbeid innanfor aktuelle tenesteområde”.
Kommunedirektøren sine punkt vart samrøysta vedtatt av politikarane. Dermed er rapportane no lagt ut på ope høyring.
Det betyr at alle kan sende sine innspel til rapportane, og få sine meiningar med i det vidare arbeidet. Høyringsfristen er sett til 15. februar.
Skal invitere til bygdemøte
Ein annan måte å sikre medverknad, er å arrangere møte mellom kommunen og innbyggarane. Difor gjekk politikarane inn for å arrangere bygdemøte i alle dei fire bygdesentra i kommunen som ein del av det politiske vedtaket i saka.
Det vart diskusjon i kommunestyret om ein skulle ta sikte på å arrangere møte i kvar bygd, eller invitere til eit fellesmøte for heile kommunen. Argumenta for å dele det opp i fleire møte var mellom anna å gjere deltaking enklare for flest mogleg innbyggarar, medan andre meinte at eit fellesmøte ville vere viktig for å vise at kommunen må stå samla i det pågåande omstillingsarbeidet.
Eit knapt fleirtal støtta forslaget om bygdemøte i fire ulike bygder.
Dialog med nabokommunar
Eit anna politisk forslag som også vart vedtatt, er å utvide dialogen med nabokommunane til også å inkludere Høyanger kommune.
Men den viktigaste kommunen å prate i lag med i tida framover, er Masfjorden. Difor gjekk politikarane også inn for eit punkt om å prioritere “felles samarbeidsarenaer mellom Gulen og Masfjorden der en kan drøfte hvilke tjenester kommunene kan samarbeide om i fremtiden”.
Det er ønske om politiske møte mellom dei to kommunane allereie i høyringsperioden.
Drar skulerapport frå 2019 fram i lyset
Fleirtalet av politikarane gjekk også inn for å legge ut ein rapport om ungdomsskulestrukturen frå 2019 i lag med PwC-rapportane, som ein del av høyringsdokumenta.
Den gongen var det ei arbeidsgruppe som gjorde vurderingar knytt til strukturen. Dei konkluderte med at det beste er å halde på eksisterande struktur, så langt dei økonomiske rammene tillet det. Det blir mellom anna grunngjeve med at det, etter arbeidsgruppa sitt syn, er det beste for elevane, mellom anna fordi samling av skular gjev lengre transporttid og mindre fritid.
Samstundes peikar denne rapporten på innsparingar ved å samle ungdomsskulane, men det vert ikkje sett på som eit reellt alternativ å samle alle ungdomsskulane på Dalsøyra, slik PwC tilrår.
Derimot meiner arbeidsgruppa at elevane på Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik kan samlast anten på Dalsøyra eller i Eivindvik, medan alternativet for Brekke er ein felles skule med Matre-elevar frå Masfjorden, med Brekke som skulestad.