Orienterte om arbeidet med ny vidaregåande skule i Austrheim
I april skal fylkespolitikarane etter planen ta stilling til vegen vidare for ny vidaregåande skule. Dersom Austrheim skal få si favorittlokalisering på "verftstomta", må kommunen sjølv bidra til å oppgradere kaifronten. Ordførar Morten Sognnes orienterte kommunestyret om arbeidet og kva som skjer vidare.


– No ser det ut som Vestland fylkeskommune vil bygge ny vidaregåande skule i Austrheim, men det er litt for tidleg å feire endå. Eg tør i alle fall ikkje det, ikkje før eg ser vedtaket i fylkestinget.
Det sa Austrheim-ordførar Morten Sognnes då han gjekk på talarstolen i sist kommunestyremøte for å orientere resten av politikarane om statusen for arbeidet med ny vidaregåande.
Dersom alt går etter planen skal fylkestinget i juni seia ja eller nei til oppstart av prosjektet.
Ny Austrheim vidaregåande er eit dei høgast prioriterte skuleprosjekta til fylket. Saka har blitt drøfta av fylkespolitikarane, som i haust ba om meir utgreiing knytt til dei to tomtealternativa som står att.
Fylkespolitikarane har framstått positive til å prioritere bygging av ny skule i Austrheim.
– No går startskotet for ein ny og framtidsretta skule i Austrheim, sa Alexander Fosse Andersen i Senterpartiet då Fylkestinget diskuterte saka før jul.
To alternativ
Det som har blitt diskutert er om skulen skal byggast på same tomt som i dag, eller på “verftstomta”, altså ved den gamle slippen ned mot kaien i Mastrevik. Sistnemnde er kommunen sitt førsteval.
Fylkesdirektøren har tilrådd å bruke eksisterande skuletomt, men fylkestinget held døra open for kommunen sitt ønske. Samstundes spelte fylkespolitikarane ballen delvis over til lokale aktørar på Austrheim, inkludert kommunen, dersom dette skal gå i oppfylling.
“Verftstomta” er estimert til å vere eit dyrare alternativ for fylket enn å bygge der skulen ligg i dag, men kanskje kommunen sjølv kan bidra på ein måte.
Vil at kommunen rustar opp kaifronten
I orienteringa til politikarane forklarte ordførar Sognnes at kommunen har hatt fleire møte med fylket, seinast i midten av januar, der fylket var med på synfaring på “verftstomta”.
Der deltok også Mastrevik Eigedom, som er eigarar av denne tomta.
Sognnes fortalde at det var eit bra møte, og at kommunen i etterkant har fått ei tilbakemelding frå fylket om kva som skal gjerast vidare, og kva fylket ønsker frå kommunen og eigarane.
Det vart oppsummert slik:
- Fylket skal gjere grunnundersøkingar på “verftstomta”. Dette er knytt til mogleg forureining i grunnen.
- Fylket skal sjekke arealbehov knytt til mellombels skuleareal i byggeperioden.
- Mastrevik Eigedom skal kome med pristilbod til fylket.
- Mastrevik Eigedom skal vurdere å kjøpe tomta som dagens vidaregåande skule står på.
- I tillegg ønsker fylket at Austrheim kommune skal overta deler av kaifronten på tomta, og at kommunen skal oppgradere kaifronten og tilrettelegge for eit offentleg fellesareal på kaien.
Sognnes forklarte at han har fått ein entreprenør til å sjå på kaifronten for å få eit prisestimat på kva ei slik oppgradering vil koste.
– Vi må vente på det prisestimatet, og eg håpar vi får det innan april, sa Sognnes, og fortalde at det var knytt til fristar sett av fylkeskommunen for deira vidare politiske behandling av skulesaka.
Fylket ønsker å starte den vidare politiske behandlinga av saka i april.
Det er nytt kommunestyremøte 9. april, og ordføraren håpar at både prisestimat og grunnundersøkingar er klare til den tid, slik at Austrheim-politikarane kan røyste ja eller nei til å ta på seg eit slikt arbeid for å potensielt få den nye skulen plassert på “verftstomta”.
– Framifrå samarbeid
Ordføraren avslutta med å skryte av samarbeidet mellom dei ulike partane.
– Vi har fått veldig mykje skryt av fylket for måten vi har handtert og behandla dei på. Vi har lagt til rette for alt dei har spurt om, og vore positive til alt. Det har vore eit framifrå samarbeid med fylket, og det håpar eg vi kan fortsetja med, sa han.
Sognnes poengterte at kommunen samstundes må stå på vidare for å sikre at prosjektet går i boks.
– Vi må gjere det vi kan for at dette ikkje skal stoppe opp.
Det gjeld også dersom fylkespolitikarane ikkje går for “verftstomta”, men for eksisterande skuletomt.
– Det er òg eit godt alternativ. Det viktigaste er at vi ikkje stoppar prosessen, avslutta ordføraren.