FENSFJORDEN
Publisert for omtrent to månader sidan|Nyheiter

Reaksjonar på forslaget til ny tannhelsestruktur

På Fedje er stemninga positiv til ny tannhelseklinikk på Austrheim, medan gulingane er meir skeptiske til å miste klinikken i Eivindvik. Samstundes har lag og organisasjonar på Lindås mobilisert for å redde sin klinikk som også er føreslått nedlagt til fordel for den nye Austrheim-klinikken.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 17.02.2026 10:00
Tannhelsestruktur
NY STRUKTUR: Slik er dei offentlege tannhelseklinikkane i fylket lokalisert i dag. I det nye planforslaget er det føreslått å legge ned klinikkane i Eivindvik og Lindås til fordel for ein ny og større klinikk på Austrheim. (Skjermdump frå Vestland fylke sitt planforslag)

Vestland fylke har gjennomført ein høyringsrunde knytt til forslaget til ny tannhelsestrukturplan som vart presentert i haust. I midten av mars skal fylkesutvalet ta planen opp til politisk handsaming, og dei nesten 60 høyringsinnspela som er komne inn skal vere ein del av vurderingsgrunnlaget.

Mange av innspela er knytt til forslaget om å legge ned dei offentlege klinikkane i Eivindvik og på Lindås, og heller etablere ein ny og større klinikk på Austrheim.

Fensfjorden har tidlegare omtalt Gulen kommune sin politisk vedtatte uttale til saka. Gulen-politikarane har forståing for at det kan vere utfordringar ved å drifte mindre tannklinikkar i distrikta, men peiker på at det vil gje “uforholdsmessig lange avstandar” for mange av innbyggarane dersom Eivindvik-klinikken forsvinn.

Kommunen viser også til at lange reiseavstandar er utfordrande for den eldre delen av innbyggarane, samt utfordringar som kan oppstå for kommunen dersom tilsette må vere lenge vekke for å til dømes følge barn til tannlegen.

Fylket har i tillegg fått inn eit høyringsinnspel frå ein privatperson som uttalar seg tydeleg om Eivindvik-klinikken. Vedkomande meiner det er viktig at denne blir satsa på, og at eit offentleg tannhelsetilbod er eit viktig tilbod for å skape bulyst i distrikta.

Kortare reiseveg for Fedje

Det har ikkje kome inn høyringsinnspel frå verken Austrheim eller Masfjorden kommune, men Fedje kommune har sendt eit innspel. Innbyggarane i Fedje er blant dei som vil få ein kortare veg til det offentlege tannhelsetilbodet dersom det blir etablert ny klinikk på Austrheim.

“Kommunestyret i Fedje kommune er ikkje nøgde med dagens tilbod som fylkeskommunen gir til innbyggjarane, og ynskjer etablering av ny tannhelseklinikk på Austrheim som vil korte ned reisetid betydeleg”, står det i uttalen som politikarane vedtok i desember.

Dei ønsker også at den nye klinikken skal etablerast før det som er skissert i planen. Endringa i strukturen rundt Fensfjorden er tiltenkt i fase 2 av strukturendringane, som startar opp i 2031.

“Vi ber om at dette skjer snarast, og vi synest ikkje det kan vente til etter 2031. Vår kommune har lengst avstand til offentleg tannhelseteneste i Vestland fylkeskommune”, står det i Fedje-uttalen.

Lindås mobiliserer

Sjølv om mange i Gulen er bekymra for å miste klinikken i Eivindvik, er det i høyringsrunden fyrst og fremst på Lindås i Alver kommune at innbyggarane verkeleg har mobilisert.

Både Lindås idrettslag, Lindås bygdelag, Kolås velforening og FAU ved Lindås barneskule har sendt inn eigne høyringsinnspel der dei kjempar for at tilbodet deira ikkje skal flyttast til Austrheim.

Lindås idrettslag meiner fylket “ikkje har satt seg tilstrekkelig inn i saka før ein har komt med ei slik tilrådning”.

“Den naturlige reiseflyten i denne delen av Nordhordland er sørover mot regionssenteret og Bergen, ikkje nordover til Austrheim. Det vil derfor skape større reise og tidsutfordringer for fleire ved å flytte tannlegekontoret til Austrheim enn ved å beholde dagens lokalisering”, skriv idrettslaget.

Dei meiner argumentet om at Fedje-innbyggarane får kortare reisetid er “vanskeleg å forstå” sidan det er fleire innbyggarar på Lindås og omegn som får lengre reiseveg.

“Skulane i Lindås Krins har til sammen fleire elever enn heile Fedje kommune har innbyggere”, skriv idrettslaget.

Argumentet om at Lindås skulekrins har mange innbyggarar og skuleelevar som blir råka, blir gjentatt av FAU ved Lindås barneskule.

“Avstanden mellom Lindås og Austrheim er betydelig. En eventuell flytting av tannhelsetilbudet vil føre til økte reisetider, behov for skyss og høyere tid- og kostnadsbelastning for familier. For mange foreldre er det vanskelig å følge barn til tannlegetimer langt unna på grunn av arbeidstid og transporttid”, skriv dei.

I planforslaget blir det peikt på at klinikken på Lindås har avgrensa kapasitet og behov for oppgraderingar, men laga på Lindås meiner dette kan la seg løyse på andre måtar.

FAU skriv at det finst “ledig areal i tilknytning til dagens klinikk som kan brukes til å bygge ut eller modernisere anlegget”.

“Med relativt enkle grep kan Lindås tannklinikk utvikles til en fullverdig, moderne klinikk som dekker både barn, ungdom og voksne i området”, skriv dei vidare.

Også Alver kommune støttar opp om Lindås-klinikken.

“Kommunen meiner at tannklinikken på Manger og Lindås bør oppretthaldast som eit lokalt tannhelsetilbod, grunna god geografisk plassering, nærleik til brukarane og eksisterande samarbeid med kommunehelsetenesta”, skriv Alver kommune i sitt høyringsinnspel.

Politisk handsaming

Det nye planforslaget er utarbeidd av fylkesadministrasjonen, og det er no opp til politikarane å ta stilling til saka.

Høyringsinnspela blir tatt med i den politiske behandlinga som etter planen startar i fylkesutvalet 17. mars, før det er lagt opp til at fylkestinget skal gjere eit endeleg vedtak veka etter.