FENSFJORDEN
Publisert for seks dagar sidan|Nyheiter

Tilrår å ikkje overta kaifronten

Kommunedirektøren i Austrheim er skeptisk til at kommunen skal overta kaifrontdelen av det som kan bli tomta til den nye vidaregåande skulen. Frykta er blant anna at grunnforureiningar kan bli ein framtidig utgiftspost for kommunen.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 04.04.2026 09:00
Mastrevik
MASTREVIK: Dette er tomta Austrheim kommune ønsker ny vidaregåande skule på. For at det skal vere aktuelt, har fylket bedd om at kommunen sjølv overtar og tar ansvar for oppgradering av kaifronten. Det er kommunedirektøren skeptisk til.

I neste veke skal kommunestyret i Austrheim avgjere om kommunen skal overta kaifronten på “verftstomta” ved Mastrevik kai.

Vestland fylke sitt ønske, knytt til om dei eventuelt skal nytte denne tomta til ny vidaregåande skule, er at Austrheim kommune overtar kaifronten og tar ansvar for å ruste den opp til å bli eit brukande område for ålmenta.

Eit grovt estimat frå ein entreprenør viser at dette vil koste kommunen kring to millionar kroner.

Formannskapet sa ja til dette i sist møte, men den gongen vart saka løfta utan å ha vore innom kommuneadministrasjonen for deira faglege vurderingar. Det har saka no vore, og kommunedirektøren har kome med si tilråding. Tilrådinga inneber at kommunen seier nei til ønsket frå fylkeskommunen.

Ei eingongsutgift i to-millionarsklassen er ikkje den største bekymringa for kommunedirektøren. Derimot er frykta at ei overtaking av kaifronten kan føre til nye framtidige utgifter, både knytt til vedlikehald av kaiområdet og oppreinsking av miljøforureiningar i grunnen på tomta.

“Miljøundersøkingane me har motteke frå Vestland fylkeskommune, utført av verksemda Norconsult viser at det er miljøgifter i grunnen i og framfor verftet. Dette kan medføra store økonomiske konsekvensar framover for kommunen, om det kjem pålegg om miljøopprydding her no eller seinare”, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga.

Miljøundersøkingane har blitt omtalt som betre enn frykta, men det er likevel enkelte testpunkt, særleg framfor dagens byggmasse, som viser høg forekomst av mellom anna bly, kopar og sink.

Kommunedirektøren meiner kommunen ikkje bør ta på seg ansvaret med å rydde opp i miljøgiftene.

“Kommunedirektøren meiner at om det skal byggjast ny skule ved kaifronten her, så er det naturleg at Vestland fylkeskommune tek ansvar og ryddar opp i miljøgiftene her i samband med at grunnarbeidet for ny Austrheim vidaregåande skule startar”, står det i saksutgreiinga.

Det betyr likevel ikkje at kommunedirektøren er negativ til tanken på at kommunen sjølv kan bruke pengar på å oppgradere kaifronten.

“Kommunen er positiv til ein ny vidaregåande skule i Mastrevikane, og ønskjer gjerne eit samarbeid med fylket for å få dette til. Det kan vera mogleg å gje eit kommunalt tilskot til opparbeiding av kaifront til VLFK”, står det i tilrådinga.

Kommunedirektøren opnar for at slikt eingongstilskot kan vere på inntil to millionar kroner.

Dermed er det opp til politikarane å avgjere saka. Ei avgjerd bør skje i neste kommunestyremøte, då kommunen har fått frist til 20. april frå Vestland fylkeskommunen med å kome med ei tilbakemelding kring fylket sitt ønske. Denne avgjerda blir ein del av saksgrunnlaget når fylkespolitikarane deretter skal velje kva tomt dei vil gå vidare med.

Ei endeleg avgjerd om tomteval skjer sannsynlegvis før sommaren.