Utset den nye tannhelsestruktur-planen
Planforslaget, som tilrår nedlegging av dei offentlege tannklinikkane i Eivindvik og på Lindås til fordel for ny klinikk på Austrheim, blir førebels trekt tilbake med bakgrunn i behov for "ytterlegare saksførebuing".


Det skulle eigentleg ha nærma seg endeleg politisk behandling av det mykje omtalte planforslaget for ny offentleg tannhelsestruktur i Vestland. Fylkesadministrasjonen sitt forslag inneber å opprette ein ny tannklinikk i Austrheim. Den klinikken skal etter planen erstatte klinikkane på Lindås i Alver kommune og i Eivindvik i Gulen kommune.
Forslaget har møtt både støtte og motstand i den nyleg gjennomførte høyringsrunden. Medan Fedje kommune er svært positiv til kortare reiseveg, er mange i Gulen og Lindås uroa for å miste sine næraste klinikkar.
Høyringsinnspela har blitt tatt til vurdering av fylkesadministrasjonen, men det vart ikkje gjort endringar i forslaget til ny struktur.
“Innspela gir verdifull kunnskap og perspektiv, og vil bli tekne med vidare i utviklinga og konkretiseringa av tiltak i tiltaksplanen. Fleire av innspela vil bli følgt opp gjennom parallelle prosessar i gjennomføring av tiltaksplanen, og desse tiltaka vil bli sett i verk parallelt med utvikling og implementering av ny tenestestruktur. Samstundes har innspela ikkje gitt grunnlag for å endre administrasjonen si samla faglege vurdering knytt til ny tenestestruktur”, skriv fylkesadministrasjonen i høyringsrapporten som vart publisert i slutten av februar.
Bad om utsetjing
I midten av mars var saka i fylket sitt administrasjonsutval. Det er eit utval beståande både av politiske representantar og representantar frå dei tilsette i fylket, og er meint som eit utval som skal sikre dei tilsette sin påverknad på relevante saker.
Der kom det eit forslag frå den politiske sida om å utsetje saka. Det forslaget kom på bakgrunn av utfordringane med å “rekruttere, stabilisere og oppretthalde tilsette i tannhelsetenesta”, noko som skapar “utfordringar med å møte nye pasientgrupper med rettigheiter i den offentlege tannhelsetenesta”.
Dette meiner politikarane er nasjonale utfordringar som krev “strukturelle endringar på nasjonalt nivå”.
Difor ville dei at saka skulle blir “utsett og arbeida med vidare, fram til dømes til etter at ny stortingsmelding om tannhelsetenestene i Noreg er handsama i Stortinget”.
Med andre ord vil dei ha nye nasjonale signal og retningslinjer for korleis den offentlege tannhelsetenesta skal byggast opp, før dei gjer strukturendringar innad i fylket.
“Behov for ytterlegare saksførebuing”
I sist veke var det møte i fylkesutvalet, og politikarane fekk i forkant av møtet sendt ut eit skriv om at saka om strukturendringane no blir trekt tilbake.
“Etter ei ny vurdering og gjennomgang av saka, vurderer fylkesdirektør at det er behov for ytterlegare saksførebuing før ho vert lagt fram til heilskapleg behandling i fylkesutval og fylkesting”, skriv fylkesadministrasjonen.
Avgjerda om å setje saka på vent fekk skryt frå fleire av politikarane i utvalet.
– Eg synast det er ei klok tilnærming, sa KrF-politikar Trude Brosvik.
Samstundes kom ho med ei oppmoding om at kommunar og andre som har kome med høyringsinnspel blir informerte om stoda i saka.
– Eg håpar de send ut informasjon om dette til alle som har hatt innspel i saka og kommunane slik at ein veit kor saka ligg, avslutta Brosvik.