
Uroa for utviklinga i sosiale ytingar
Tysdag hadde politikarane i Austrheim sitt første møte etter sommarferien, og ei oppdatering av den økonomiske situasjonen stod på agendaen.
Ein del av innsparingstiltaka kommunestyret gjekk inn for i juni er sett i verk, og økonomisjef Odd Harald Dommersnes forklarte at det blir fire færre tilsette på kommunehuset frå 1. september.
– Det betyr at nokon einingar får mindre kapasitet. Det må ein ha forståing for, sa han.
I tillegg varsla han om ei alvorleg utvikling knytt til mottakarar av sosiale ytingar. Dei blir stadig fleire, og ytingane blir større. Mange av desse er unge vaksne, og administrasjonen og politikarane er uroa for utanforskap.
I neste veke skal kommunen i møte med NAV for å prøve å få eit tydelegare bilete av situasjonen.
Meir om orienteringa til politikarane kan du lese her.
Torsdag presenterte SSB sine ferskaste folketal for kommunane i landet. Tala viser folkevekst i fensfjordkommunane i løpet av april, mai og juni.
Austrheim har fått flest nye innbyggarar, medan Gulen kan glede seg over gode fødselstal. Også Fedje fekk ein liten vekst, medan Masfjorden går i null.
Situasjonen på Mongstad i starten av veka, der kring 200 demonstrantar frå Extinction Rebellion sperra vegane inn til anlegget, fekk mykje merksemd både i lokale og nasjonale medium.
– Vi er fornøgde med at vi har sikra demonstrantane sin moglegheit til å gje uttrykk for sitt syn samstundes som det ikkje har kome i konflikt med sikker drift av anlegget, oppsummerer stabssjef i politiet, Kjetil Øyri, til NRK.
Politiet let aksjonistane sperre vegane, men stoppa ved fleire høve båtar som bevegde seg innanfor sikkerheitssona til anlegget.
Komande tysdag er det kalla inn til ekstramøte i kommunestyret i Gulen. Bakgrunnen er saka om den planlagde vindturbinen i Sløvåg.
Kommunestyret sa seg i april i fjor positive til å gje konsesjon til anlegget, men kommunedirektøren tilrår å klage på NVE sitt vedtak etter at det vart kjend at kommunestyret sitt vilkår knytt til nattestøy ikkje er ein del av konsesjonsvedtaket.
Viss ikkje klagen blir tatt til følge, føreslår kommuendirektøren at reguleringsplanendringa for industrihamna blir ugyldiggjort.
Tilbake i Austrheim kommune blir det jobba med å tilsette ny kommunedirektør. Intervjurundene er i gang, og målet er at kommunestyret kan gjere vedtak om tilsetting i møtet 11. september.
Vi ønsker alle Fensfjorden sine lesarar god helg, og hugs å tips oss om saker og tema vi kan skrive om, og hjelp oss å spre ordet om den nye lokalavisa for Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
