
Ny kommunedirektør og semje om NVE-klage
Torsdag melde Austrheim kommune at dei er ferdige med rekrutteringsprosessen for å finne den neste kommunedirektøren, og kandidaten som er tilrådd er Britt Skaalevik Lerøy.
Før den nye kommunedirektøren er heilt i boks, må kommunestyret gjere eit tilsettingsvedtak. Det er venta å skje i komande kommunestyremøte 11. september.
Det store samtaleemnet denne veka er vindturbin-saka i Gulen som rullar vidare. Tysdag vart kommunestyret kalla inn til eit ekstramøte for vurdere om kommunen skal klage på NVE sitt konsesjonsvedtak.
Då kommunestyret i fjor sa ja til vindturbinen, var politikarane alt anna enn samstemte, men det var dei denne gongen. Det var full semje om å klage på NVE-vedtaket, og be om at kommunen sitt krav om maks nattestøy blir tatt inn i konsesjonsgodkjenninga.
På Fedje er ein æra over når Bente-Lene og Reidar Bøen denne veka pensjonerer seg, og landhandleriet stenger dørene.
Vi har møtt Reidar og næringsrådsleiar Linda Husa på Fedje, og dei har framleis håp om at nokon vil ta over drifta.
I tillegg til sjølve landhandleriet, har dei også hatt rolle som turistinformasjon, og mange turistar har hatt landhandleriet som sin første stopp på Fedje etter å ha gått av ferja.
Heile saka kjem på Fensfjorden.no i neste veke.
Frå fredag klokka 22.00 til søndag klokka 22.00 blir fylkesveg 571 ved Stallane i Masfjorden stengt for gjennomkøyring. Årsaka til stenginga er utskifting av stikkrenne.
For å avhjelpe trafikken litt blir det sett opp ekstra avgangar på Masfjordnes-Duesund-sambandet. Både laurdag og søndag vil det bli køyrd kvardagsruter. Natturen natt til søndag er som normalt med bestilling på førehand.
Det nærmar seg stortingsval, og vi tar gjerne imot tips til lokale politikarar eller andre aktørar som er ekstra spente på utfallet av årets røysting. Sjølv om det ikkje er kommuneval i år, kan stortingsvalet bety mykje for kommunane rundt Fensfjorden.
Med det ønsker vi alle ein god helg. Hugs å tipse andre om Fensfjorden, og følg med på nettsida vår for nye saker. Neste veke kjem det mykje spennande.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
