
Politisk sommaravslutning, brukamp og intense festivalførebuingar
Medan Austrheim-politikarane må ta tak i dei føreslåtte innsparingane, slo Masfjorden-ordførar Erlend Kvamsdal eit stort slag for Masfjordsambandet då kommunestyra i Gulen og Masfjorden var samla til fellesmøte i Knarvik. Det er hovudsakene denne veka, i tillegg til at vi har møtt leiinga i Utkantfestivalen, som no går inn i den mest intense førebuingsperioden.
Sommaren er på veg, med alt av ulike arrangement og kulturelle opplevingar som følger med i fensfjordregionen. For mange er Utkantfestivalen på Skjerjehamn det store høgdepunktet. Siste helga i juli brakar festivalen laus med artistar som Ramón, Staut og OnklP på plass, og vi har tatt ein prat med festivalleiinga.
– Vi er veldig stolte av programmet i år, fortel festivalsjef Jostein Sydnes.
Dei er i god rute med førebuingane, men framleis er det mykje å gjere. Og festivalen treng fleire frivillige. Heile saka kjem på fensfjorden.no i helga.

Full runde i lokalpolitikken
Tysdag var kommunestyra i Gulen og Masfjorden samla i Knarvik. Dei to kommunane samarbeidar om mykje, og kvart år har dei eit fellesmøte for å bli oppdaterte på dei viktigaste sakene dei jobbar i lag om.
Tema for tysdagens samling var blant anna nye brannstasjonar. Gulen og Masfjorden har felles brann- og redningsteneste, og det er behov for store oppgraderingar av brannstasjonane. Ein ny rapport om stoda tilseier at det må byggast nye stasjonar både på Byrknes, Eivindvik og i Brekke. Eit av spørsmåla som no blir stilt er om den nye Brekke-stasjonen kan etablerast som ein fellesstasjon for Brekke og Matre.
Økonomi var også tema. Masfjorden har hatt ein berekraftig økonomi over tid, men må no bruke oppsparte fondsmidlar for å dekke venta utgiftsauke. Kommunen har ein del sparepengar å ta av, men politikarane ønskte likevel at rådmannen skal utarbeide ei liste med forslag til innsparingar i drifta. Lista skal presenterast etter sommaren.
I Austrheim er det kommunestyremøte torsdag ettermiddag, og økonomi er hovudsaka. Politikarane skal ta stilling til den føreslåtte innsparingslista frå kommunedirektøren. I formannskapsmøtet førre veke var åtvaringane frå økonomisjefen tydelege: kommunen må gjere innsparingar for å ikkje risikere å hamne tilbake på ROBEK-lista.
Her kan du lese om kva formannskapet sa om innsparingsforslaga.
I Fedje gjekk kommunestyret inn for eit brev til Vestland fylke med ønske om dialog rundt utfordringane på ferjesambandet mellom Fedje og Sævrøy. Utfordringane handlar om kapasitet og regularitet på sambandet.
"I fleire periodar, særleg i helger, på ettermiddag/kveld og i feriar, opplever vi at ferja er full. Dette fører til at bilar og passasjerar vert ståande igjen – utan moglegheit til å kome seg vidare same dag. Situasjonen er ekstra krevjande sidan det ikkje finst andre transportalternativ for fastbuande, næringsdrivande eller tilreisande", skriv kommunen til fylket.
Slo eit slag for ny bru
Fedje kjem sannsynlegvis til å vere avhengig av ferje i lang tid, men andre stader i regionen er det meir truleg at ferjesamband kan bli erstatta av bru. Planlegginga av Masfjordsambandet, som skal erstatte Masfjordnes-Duesund-ferja, har pågått i fleire år.
På tysdagens fellesmøte i Knarvik slo Masfjorden-ordførar Erlend Kvamsdal eit slag for brua, og oppmoda Gulen og Masfjorden til å kjempe i lag for å realisert prosjektet. Ordføraren meiner brua vil vere ein nøkkel for å tiltrekke seg arbeidskraft og skape lokal folkevekst og utvikling.
– Ferja er eit stort hinder uansett korleis ein vrir og vendar på det, sa Kvamsdal til dei to kommunestyra.
– Person- og godstransport med ferje inneber lang reisetid, ventetid, sårbarheit ved driftsstans og manglande døgnope vegsamband. Det medfører høge transportkostnadar for næringslivet og redusert framkome for personar og varelevering. Dette er kvardagen vår. Dette er slik me har hatt det, og slik me kjem til å ha det i all overskodeleg framtid, fram til vi eventuelt får fastlandsforbinding sørover, fortsette han.

Kvamsdal ønsker at det skal kome tydelegare fram at prosjektet i stor grad blir finansiert av statlege ferjeavløysingsmidlar. Det betyr i prinsippet at pengar ein sparar på å legge ned ferjedrifta skal finansiere brua. Ordføraren har likevel forståing for at det ikkje berre er for fylket å gå i gang med arbeidet, då dei må forskotere investeringsmidlane ved hjelp av låneopptak.
Her kan du lese meir om Kvamsdal sitt ferjeinnlegg.
Fensfjorden.no tar nye steg på vegen til å bli ei ordentleg nettavis. No kan vi legge ut saker på heimesida, og neste steg blir å få på plass ei framside der ein kan navigere mellom alle artiklane våre. Vi kjem til å produsere journalistikk gjennom heile sommaren, og treng framleis tips til saker og tema vi skal skrive om. Hugs å tipse andre om fensfjorden.no, og nyheitsbrevet vårt der vi kjem med vekentlege oppdateringar om kva som rører seg i regionen.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no