
Politiske sommaraktivitetar og festivalveke
I desse dagar er det mange som ventar i spenning på svar kring kvar dei skal gå på vidaregåande skule frå hausten av, og uventa høge søkartal frå søkarar med "ungdomsrett", altså lovpålagd rett til skuleplass, har skapt hovudbry for Vestland fylke. Såpass mykje at politikarane i hovudutvalet for opplæring og kompetanse vart kalla inn til eit ekstramøte i sist veke.
Dei høge søkartala førar til at politikarane opnar for at det kan opprettast 18 nye vidaregåande-klassar. Utfordringa gjeld fyrst og fremst Bergen og dei næraste nabokommuane.
Men også ei av klassane ved Austrheim VGS har vore under lupa. Saman med ti andre klassar i fylket vart inntaket til vg 2 køyretøy på Austrheim sett på vent av fylkesadministrasjonen. Årsaka var låge søkartal, og politikarane vart tilrådd å ikkje tilby denne linja for komande skuleår.
Det sa politikarane klart nei til, og dei meinte samstundes at det var "uheldig" at inntaket vart pausa og at dette skapte "uro for både elevar og tilsette".
Meir om dette kan du lese her.
Frå fylket kjem også nyheita om at Vestland opprettar ein ny kulturpris som skal delast ut til ein person eller ein organisasjon "som har utmerkt seg i kunst- og kulturlivet i fylket". Med prisen kjem ein premie på 50.000 kroner.
Kanskje nokon frå fensfjordregionen blir den historiske fyrste vinnaren av prisen? Fram til midten av september kan alle nominere sine kandidatar.
Då passar det ekstra godt at eit av regionens største kulturarrangement no brakar laus. 18 år etter unnfanginga har Utkantfestivalen i Gulen blitt ordentleg vaksen, og festivalleiinga håpar Utkant framleis vil leva i mange, mange år.
Skal du på festival? Del gjerne dine bilete og opplevingar med oss, anten på mail til oyvind@fensfjorden.no eller på sosiale medium.
Om knappe to veker er det Fedje som inviterer til liv og moro når EM i Havfiske skal arrangerast. Det blir omtalt som mykje meir enn berre ein konkurranse mellom dei beste havfiskarane i Europa, men som ein "ekte vestlandsk folkefest" med mykje program for både små og store.
Debatten om vindturbinen i Sløvåg fortset, og Strilen, som gjennom sommaren har hatt ei større redaksjonell serie om saka, melder at NVE i si godkjenning av konsesjonssøknaden ikkje har tatt med kravet kommunestyret i Gulen sette om maks nattestøy på 37 dB. Det reagerer kommunen på, og kommunedirektøren varslar at det kan kome klage på NVE-godkjenninga.
Fensfjorden.no har fått ei ny frontside der ein enkelt kan navigere gjennom artiklane våre. Dermed er det berre for oss å fylle sida med spennande innhald, og for dykk å følge med på kva som blir lagt ut.
Samstundes skal me fortsetje å sende ut vekentlege nyheitsbrev. Hugs å tipse andre om Fensfjorden, og vidaresend gjerne dette nyheitsbrevet dersom du veit om nokon som har interesse for det som rører seg i fensfjordområdet. Følg oss gjerne også på Facebook og Instagram.
Og sist, men ikkje minst: Ha ein fortsatt strålande sommar!
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
