Tilbake til nyheitsbrev arkiv

Ubåt-folkemøte med krav om heving

Ny rapport konkluderer med at heving av U-864 er "eneste bærekraftige løsning". Fredag er det folkemøte på Austrheim

26. september 2025
Logo for Fensfjorden
Nyheitsbrev frå Fensfjorden

Vil vise at heile Vestlandet krev heving av ubåtvraket

Vraket etter den tyske ubåten U-864, som gjekk ned utanfor Fedje under 2. verdskrig, er eit tema i vinden. I ein ny rapport, som lenge vart halde unna offentlegheita, konkluderer Forsvarsmateriell med at vraket må hevast.

Dei meiner tildekking er ei dårleg løysing, i alle fall så lenge det finst torpedoar og anna krigsmateriell ved vraket som kan detonere. Forsvarsmateriell meiner heving av heile vraket er "eneste bærekraftige løsning".

Ein gjeng med lokale pådrivarar inviterer i kveld til ope folkemøte på Austrheim samfunnshus. Blant gjestene er stortingsrepresentant Kjersti Toppe, og fedjeordførar Stian Herøy skal leie møtet.

Pådrivarane har også starta ein underskriftskampanje, og målet med innsatsen er å legge press på stortingspolitikarane til å vedta heving av vraket.

Rundt om i kommunane er den politiske haustsesongen i gang for fullt. I Masfjorden var kommunestyret samla torsdag, og dei vedtok å sende det nye forslaget til kommuneplanen sin samfunnsdel ut på høyring.

Samfunnsplanen er det viktigaste styringsdokumentet kommunen har, og skal legge grunnlaget for den vidare utviklinga i kommunen.

Det betyr at den inneheld mykje flotte, overordna ord om at Masfjorden skal vere ein god kommunen å bu og leve, men også meir konkrete punkt om korleis kommunen skal utviklast vidare. For eksempel står det i planforslaget at kommunen skal ha eit meir variert bustadtilbod, som inkluderer "nye buformer med felleskapsløysingar".

Samfunnsplanen legg også føringar for korleis arealplanen skal sjå ut. Blant dei føreslåtte føringane er at ny utbygging i hovudsak skal skje ved fortetting, og at det skal opnast for utviding av eksisterande næringsareal.

Det er med andre ord eit viktig dokument politikarane no sender ut på høyring. Høyringa inneber at aktørar og innbyggarar kan kome med sine meiningar og innspel til planforslaget, før eit endeleg vedtak er venta å skje i desember.

Det blir også meir politikk på Fensfjorden.no framover. Mellom anna skal kommunestyret i Austrheim i neste veke drøfte lokasjon knytt til nytt helse- og omsorgstun. I tillegg blir det ei oppdatering kring kommuneøkonomien.

Vi ønsker alle ein god helg, og kanskje ser vi nokon av lesarane våre på folkemøtet i kveld. Hugs å tipse andre om Fensfjorden og nyheitsbrevet vårt. Vidaresend gjerne denne mailen til nokon du trur har interesse av nyheiter frå Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje. Har du fått vidaresendt denne mailen kan du melde deg på nyheitsbrevet på Fensfjorden.no.

Beste helsing

Redaktør Øyvind Bjerkestrand

oyvind@fensfjorden.no

Støtt Fensfjorden
Logo for Fensfjorden

© 2025

    • FENSFJORDEN
    • Fensfjorden følgjer Ver Varsam-plakatens regler for god presseskikk.

      • Redaktørplakaten
      • Teikn abonnement
      • Artiklar
      • Personvern
      • Kjøpsvilkår
      • Kontakt oss
      • Om oss
    • Nyheitsbrev

    • Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev


Copyright ©️ Fensfjorden 2025

Utviklet av Skavl Media. Drevet av Subrite CRM.