FENSFJORDEN
Publisert for fem dagar sidan|Nyheiter

Frå PwC til ny fylkesdirektør

Robert Rastad har det siste året vore ein nøkkelperson i PwC sitt arbeid med å sjå nærare på Gulen kommune. No blir han Vestland fylke sin øvste administrative leiar.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 17.11.2025 06:00
Robert Rastad
NY FYLKESDIREKTØR: Robert Rastad går frå jobb som PwC-direktør til ny fylkesdirektør i Vestland fylke. (Foto: PwC)

Fredag gjekk fylkestinget inn for tilsetting av ny fylkesdirektør etter Rune Haugsdal, som tidlegare i år melde at han gjer seg i jobben som Vestland fylke sin øvste administrative leiar.

Haugsdal skal fortsette som seniorrådgjevar i fylket.

Den nye fylkesdirektøren er Robert Rastad, som kjem frå jobben som rådgjevingsdirektør i konsulentselskapet PwC.

PwC er selskapet som det siste året har gjort eit større arbeid knytt til Gulen kommune, og i slutten av oktober leverte to rapportar med tilrådingar om tiltak for å sikre framtidig økonomisk berekraft innan helse og omsorg og oppvekst og kultur.

Der har han mellom anna hatt jobben som prosjektleiar for oppvekst-biten, og var i oktober i kommunestyret i Gulen for å presentere arbeidet.

Rastad vart plukka ut som beste kandidat blant tolv søkarar til jobben.

– Eg er særs glad for at Robert Rastad har takka ja til å bli den nye fylkesdirektøren i Vestland og ønsker velkomen til samarbeid, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Eg kjenner Vestland fylkeskommune godt gjennom tidlegare samarbeid og er svært motivert til å leie organisasjonen. Å leie ein kunnskapsorganisasjon er eit stort ansvar og privilegium, og eg ser verkeleg fram til samarbeidet med både politisk nivå, leiarar, tilsette og tillitsvalde, seier Rastad.

Det blir også fleire endringar i administrasjonen i Vestland. Anne Iren Fagerbakke, direktør for mobilitet og kollektivtransport, har fått ny jobb som direktør for Jernbanedirektoratet. Det melde regjeringa i ei pressemelding fredag.