FENSFJORDEN
Publisert for omtrent ein månad sidan|Nyheiter

Gulen-budsjettet: Må stramme inn driftsutgiftene

Gulen kommune står foran fleire år med innsparingar. Det gjev det nye budsjettforslaget tydeleg inntrykk av.

Øyvind Bjerkestrand, redaktør i Fensfjorden.no
Øyvind Bjerkestrand
Publisert: 28.11.2025 12:30
Formannskapet Gulen
POLITISK BEHANDLING: Formannskapet i Gulen kom i sist veke fram til eit felles budsjettforslag. Frå venstre Bente Hauge (KrF), Nils Inge Ynnesdal (SP), May-Lynn Osland (AP), Øyvind Bøe (H) og Rolf-Daniel Midtun (SP).

"Kommunen står framfor store omstillingar i økonomiplanperioden. For å møte utfordringane vert det lagt inn framlegg om innsparingar på fleire sektorar", står det i kommunedirektøren si innleiing til Gulen kommune sitt budsjettforslag som no ligg ute på høyring.

Fram til 10. desember kan gulingane kome med sine innspel til budsjettforslaget, før endeleg vedtak blir gjort i kommunestyret 11. desember.

I sist veke diskuterte formannskapet budsjettet, og dei legg seg i stor grad på same linje som kommunedirektøren. Den linja inneber at kommunen må gjere innsparingar og omstille for å sikre ei økonomisk berekraftig framtid.

Bakgrunnen er veksande utgifter, utan tilsvarande inntektsvekst. I tillegg må Gulen, som andre kommunar, ruste seg for ei framtid der meir pengar må nyttast på eldreomsorg.

Den økonomiske situasjonen er også bakgrunnen for at kommunen har hyra inn PwC til å sjå nærare på dei kommunale einingane. Dei presenterte tidlegare i haust to rapportar, knytt til helse og omsorg og kultur og oppvekst, med forslag til tiltak som kan sikre økonomisk berekraft for kommunen.

Korleis kommunen skal følge opp PwC sine anbefalingar, skal det etter planen politikarane ta stilling til i same møtet som budsjettet skal avgjerast i desember.

Nytt inntektssystem

Kommunen sine viktigaste inntektskjelder er overføringar frå staten. Kommunen får ein viss del av skatteinntektene frå eigne innbyggarar, samt ein pott med frie midlar (rammetilskot). Rammetilskotet baserer seg på eit fordelingssystem der faktorar som innbyggartal og geografi avgjer kor mykje kvar kommune får.

Før 2025 vedtok stortinget ei endring i dette inntektssystemet. Det vart gjort endringar i fordelingssystemet, med hensikt om å gjere fordelinga meir rettferdig. Det har gjort at ein del kommunar har fått mindre pengar frå staten enn dei er vane med. Det gjeld mellom anna kommunar som har inntekter frå naturressursar, inkludert havbruk.

"Frå og med 2026 får omlegginga av inntektssystemet for kommunane full verknad. For Gulen inneber dette ein årleg reduksjon i frie inntekter. Kommunen fell utanfor ordninga med regionalpolitisk tilskot (småkommunetillegget), og i tillegg kjem endringar i skatt på utbyte og formue som reduserer lokale skatteinntekter", skriv kommunedirektøren.

Blant skatteendringane det blir referert til, er at kommunane no får behalde ein mindre del av formuesskatten enn før. Det rammer kommunar med formuesterke innbyggarar.

Gulen kommune kjem heller ikkje veldig godt ut av regjeringa sitt statsbudsjettforslag for 2026. Anslaget gjev Gulen ein nominell inntektsauke på 2,6 prosent frå 2025 til 2026. Det er lågare enn forventa prisvekst, og eit stykke under landssnittet på 4,1 prosent. Det betyr i realiteten at Gulen ikkje får kompensert for venta utgiftsauke knytt til løns- og prisvekst.

Vil ikkje bli avhengig av havbruksfondet

Havbruksfondet, som vart oppretta i 2017, har sidan den gong gjeve gode ekstrainntekter for kommunar som er vertskap for oppdrettsnæring. I fjor fekk Gulen drygt 45 millionar kroner, og i år kjem det 10,5 millionar inn frå fondet.

Utbetalingane er størst annakvart år, når det er auksjon av nye oppdrettstillatinger. Difor er det venta ei ny stor utbetaling på oppimot 45 millionar neste år.

Men at ein ikkje veit sikkert kor store utbetalingane blir, og om det kjem politiske endringar som vil gjere utbetalingane mindre, fører til at mange oppdrettskommunar ser på desse inntektene som usikre.

Kommunedirektøren i Gulen skriv i budsjettforslaget at kommunen ikkje bør gjere seg avhengig av desse inntektene.

"I økonomiplanperioden vil kommunen nytte store deler av havbruksinntektene i drifta. Ambisjonen må vere å redusere denne avhengigheita over tid", skriv kommunedirektøren.

Innsparingar

Difor må det sparast. Kva tiltak som skal gjerast, særleg innanfor helse og oppvekstsektorane, heng saman med arbeidet PwC har gjort. Dette er noko kommunen skal jobbe vidare med.

I budsjettforslaget blir det likevel lagt opp til at kommunen skal klare å kutte driftsutgifter i løpet av "økonomiplanperioden", altså åra fram til 2029.

I tillegg blir det føreslått å sette på vent enkelte tilskotsordningar og investeringar for å kunne starte innsparingsjobben allereie.

Politiske prioriteringar

Eit samrøysta formannskap kom i sist veke fram til eit felles framlegg som i stor grad bygger på kommunedirektøren sitt forslag. Samstundes har dei med nokre eigne prioriteringar. Mellom anna tok dei inn att nokre tilskotsordningar som kommunedirektøren tilrådde å sette på vent.

Det inkluderer etablerartilskot, som det er sett av 1 million til, og landbruksstøtte, som det er sett av 600.000 til.

Sistnemnde er ei ordning som skal evaluerast og få nye retningslinjer før utbetalingar for komande år blir gjort.

Politikarane ønsker å finne rom i budsjettet for å opprette ei ny stilling som potensielt kan jobbe på tvers av einingane og særleg er retta mot kulturarbeid.

"Målet er å kunne kombinere ein stilling innan kulturskule med for eksempel aktivitørsstilling innan helse ect så ein kan tilby 100% stilling totalt", står det i formannskapet sitt vedtak.

Heile budsjettforslaget ligg på kommunen sine nettsider.