
Stortingsvalet betyr mykje for Nordhordland og fensfjordkommunane
Det meiner i alle fall dei lokale politikarane vi har prata med denne veka. Og alle meiner deira parti har dei riktige løysingane. No er det opp til veljarane å avgjere kva retning dei har mest tru på.
Vi har møtt fedjepolitikar Kamilla Bjerkholt Karlsen, som er heilt oppe på 7. plass på vallista til Arbeidarpartiet i Hordaland. Dersom Ap får fem representantar frå Hordaland, og ny runde med regjering, ligg ho an til å stå att som første namn på varalista.
Nærare ein stortingsplass er det sjeldan nokon frå fensfjordområdet er.
Bjerkholt Karlsen starta sitt politiske virke for knappe ti år sidan, då ho og andre lokale mødre ønskte å få i stand leikeplass på Fedje. Ho er dermed eit godt eksempel på kor langt ein kan nå dersom ein ønsker å engasjere seg i eige lokalsamfunn.
Ordførar i Masfjorden, Erlend Kvamsdal, står på 16. plass på vallista til Høgre. Han er litt lenger unna ein stortingsplass sjølv, men fortel at det å vere blant stortingskandidatane gjer dialogen med stortingsrepresentantane endå enklare.
– Eg har blitt utruleg positivt overraska over kor kort linje det er inn til nasjonale politikarar, seier han til Fensfjorden.
Han meiner god dialog er viktig. Gode idear veks opp lokalt, og blir bragt vidare inn til dei som styrer sentralt, seier Kvamsdal.
Vi har også tatt ein prat med austrheimpolitikar og 8. kandidat på Raudt si liste, Ingeborg Lohne Hordvik, samt toppkandidat Sofie Marhaug. Marhaug har vore mykje i Nordhordland i valkampen, og samarbeidet med lokallaget på Austrheim er svært godt.
Den saka kjem på Fensfjorden.no i løpet av helga. Det gjer også anna interessant valstoff, så det er berre å følge med.
Vi har også skrive om skulevalet. Elevane ved Austrheim vidaregåande skule er ikkje i tvil om at dei ønsker regjeringsskifte, og Høgre og Frp fekk til saman godt over 60 prosent av røystene.
Måndag er sjølve valdagen, men førehandsrøysting er i vinden. Per torsdag 4. september har 1.938 personar i dei fire fensfjordkommunane førehandsrøysta. Det tilsvarar 36,1 prosent av alle røysteføre. Sannsynlegvis blir også dagen i dag ein stor røystedag, ikkje minst i Masfjorden som har førehandsrøysting i fleire valkrinser i dag.
Uansett kven ein støttar, ønsker vi alle eit godt val. Og vi oppmodar alle til å nytte røysteretten sin. Som Frank Aarebrot sa: "heimesitting er ei halv stemme til dei du liker minst".
Hugs å tipse andre om Fensfjorden.no, og del gjerne nyheitsbrevet med andre du trur har interesse for det som rører seg i Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje. Dersom du har fått denne mailen vidaresendt, kan du melde deg på nyheitsbrevet her.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
