Tilbake til nyheitsbrev arkiv

Ferjerevolusjon på Fensfjorden?

Frå 2030 kan det vere to ferjer mellom Leirvåg og Sløvåg.

10. oktober 2025
Logo for Fensfjorden
Nyheitsbrev frå Fensfjorden

Vurderer to ferjer på Leirvåg-Sløvåg-sambandet

Dagens ferjekontraktar for sambanda i gamle Hordaland fylke, som inkluderer Leirvåg-Sløvåg, Fedje-Sævrøy og Masfjordnes-Duesund, går ut i 2029. Sjølv om det framleis er nokre år fram i tid, startar no fylket sitt arbeid med å utarbeide nye kontraktar som tilbydarane skal kjempe om.

Desse kontraktane er gjeldande frå 2030, og kan føre til store endringar for ferjetrafikken i Nordhordland, ikkje minst mellom Leirvåg og Sløvåg.

Fylkespolitikarane skal i løpet av dei neste vekene vedta ulike rammar og føringar for dei nye kontraktane. Det inneber mellom anna kva slags kapasitet dei ulike sambanda skal ha.

For Leirvåg-Sløvåg blir det føreslått å potensielt sette inn ei seglande reserveferje. Ekstraferja blir i så fall reserveferje for Leirvåg-Sløvåg og Krokeide-Hufthamar (mellom Bergen og Austevoll), men ferja skal nyttast fast i eit av sambanda når den ikkje er på reserveoppdrag.

Spørsmålet no er kva samband som får nytte av ferja i kvardagen. Forslaget frå fylkesdirektøren er at ferja anten går inn som ferje nummer to i Leirvåg-Sløvåg-sambandet, eller som ferje nummer tre på Krokeide-Hufthamar.

Også på Fedje kan ferjekvardagen bli betre. Ruta er føreslått vidareført som i dag, men at det skal ligge ei reserveferje fast på Fedje, slik at responstiden blir kortare. Denne reserveferja skal også fungere som reserveferje for Husavik-Sandvikvåg litt lenger sør i fylket.

Masfjordnes-Duesund er føreslått vidareført, men med passasjerbåt som reserve for ferja.

Fensfjorden følger diskusjonane som startar i fylkespolitikken neste veke.

Nye arbeidsløyse-tal frå NAV viser at det er ingen kommunar i Vestland fylke med lågare arbeidsløyse enn Gulen. Også Austrheim og Masfjorden er under fylkessnittet, men framleis eit stykke unna Gulen, som også kjem høgt opp på statistikkane over ledige stillingar sett i forhold til folketal.

I Austrheim er kommuneøkonomi framleis tema. I sist kommunestyremøte melde økonomisjefen at kommunen ikkje opplever same vekst i skatteinntekter som fleire av nabokommunane, inkludert Fedje. Austrheimingane håpar likevel at dei skal kome nokolunde i mål på inntektssida av årets budsjett, men auka utgifter innan sosiale ytingar fører til fleire innsparingar.

Snart startar også arbeidet med neste års budsjett for fensfjordkommunane, og vi gler oss til dei første forslaga blir lagt på bordet. For Austrheim er situasjonen særleg prekær, då dei ikkje berre må gå i null, men helst gå såpass mykje i pluss at dei kan bygge opp sparepengane sine på nytt.

Vi ønsker alle lesarar ein god helg. Følg med på Fensfjorden.no, tips andre om sida og nyheitsbrevet, og følg oss på sosiale medium.

Beste helsing

Redaktør Øyvind Bjerkestrand

oyvind@fensfjorden.no

Logo for Fensfjorden

© 2025

    • FENSFJORDEN
    • Fensfjorden følgjer Ver Varsam-plakatens regler for god presseskikk.

      • Redaktørplakaten
      • Teikn abonnement
      • Artiklar
      • Personvern
      • Kjøpsvilkår
      • Kontakt oss
      • Om oss
    • Nyheitsbrev

    • Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev


Copyright ©️ Fensfjorden 2025

Utviklet av Skavl Media. Drevet av Subrite CRM.