
Førehandsrøysting, folk som ikkje let seg stoppa av dårleg vêr og gladnyheit for Austrheim VGS
Det oppsummerer helga og starten på veka. Fredag tok vi turen til Fedje for å oppleve litt av festivalstemninga under EM i havfiske. Sjølv om fiskinga var avlyst på grunn av vind og bølger, var mange innom festivalteltet for å få med seg opplevingane der.
Både trikseshow på dagtid og konsertar på kvelden, anført av Tor Endresen, slo godt an blant publikummet.
– Det er mange som har satsa hardt og skapt ei veldig flott veke sjølv om ein har vore veldig uheldig med vêret, seier ordførar Stian Herøy.
Også Havglede på Austrheim har hatt vêrutfordringar, men dei fekk avslutta veka på ein god måte med fiskekonkurranse og anna moro ved Mastrevik kai søndag.
Arrangementet hadde aldri blitt til utan lokale, engasjerte ungdomar. Saka med dei og bileta av ordførar Morten Sognnes som vart lokka ut på sjøen i tube kjem på Fensfjorden.no onsdag.
Denne veka vart det opna for førehandsrøysting, og vi har samla den viktigaste informasjonen om kvar og korti ein kan røyste i fensfjordkommunane i denne saka.
Frå fylket kom det positive nyhende knytt til Austrheim vidaregåande skule. Høge søkartal i heile fylket gjer at det blir oppretta tre nye klassar frå komande skuleår.
Denne veka er det Arendalsveka, og nokre av tema som skal diskuterast er av stor interesse for fensfjordregionen. Det inkluderer vindkraft og utsleppsfri kollektivtransport, og ikkje minst ein panelsamtale om kva som skjer vidare med ubåten utanfor Fedje. Ordførar Herøy er på plass.
Sommaren er snart på hell, og mange skal tilbake til kvardagen. Hugs å tipse oss om saker vi burde skrive om, og tips andre om Fensfjorden. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram, og søk opp Fensfjorden og legg oss til på Snapchat.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
