
Gulen med knallsterk plassering i kommune-NM
NHO sitt årlege kommune-NM er ei kåring av alle landets kommunar med hensikt å måle kvar kommune si økonomiske berekraft. Kommunane blir mellom anna målt på folketalsutvikling, kommunal økonomi, sysselsetting og variasjon i næringslivet.
Store kommunar gjer det generelt sett betre enn små kommunar, og NHO sin sjefsøkonom meiner at "lite næringslivsvariasjon og dårleg tilgang på arbeidskraft hemmar grunnlaget for vekst" i mange små distriktskommunar.
Medan både Austrheim, Masfjorden og Fedje blir godt plassert på nedre halvdel i rangeringa av landets 357 kommunar, slår Gulen til med ein 47. plass. Det er også åttande best i fylket. Dei beviser dermed at også små distriktskommunar kan gjere det godt på NHO sine parametre.
Gulen scorar særleg godt på næringsliv, varierte arbeidsplassar og tilgang på arbeidskraft.
Meir om kommune-NM og resultata til fensfjordkommunane kan du lese her.
Framtidas arbeidstakarar i Gulen fekk i sist veke litt ekstra spennande vitskap på timeplanen, då VilVite besøkte alle dei fire skulane i kommunen.
Kommunen har ein samarbeidsavtale med VilVite, og VilVite melder at dei gjerne ønsker tilsvarande avtalar med andre kommunar i regionen.

I Austrheim blir det jobba vidare med dei kommunale innsparingane, og eit av punkta kommunen kan hente inn mest nye inntekter på er eigedomsskatten. Kommunen har eigedomsskatt på næringseigedomar, og startar no opp re-taksering av alle næringstomtane. Dei nye takstane vil legge grunnlaget for kor mykje kvar enkelt må betale.
Og skattehoppet kan bli høgt. Kommunen får i dag tolv millionar i året frå eigedomsskatten, og det er venta at kommunen kan hente seks millionar ekstra etter at re-takseringa er gjennomført.
Rekninga må eigarane av næringseigedomane ta, og politikarane må etter kvart ta val om kor mykje dei vil skattlegge eigedomane.
– Vi må vere edruelege når vi set opp prisen, sa ordførar Morten Sognnes då formannskapet diskuterte saka.
Det er sjeldan endring av kommunegrenser, med mindre det er snakk om samanslåing, er noko stort tema, men i utkanten av Alver er det lokale krefter som ønsker å byte lag.
Statsforvaltaren har nettopp publisert resultatet frå innbyggarundersøkinga i bygdene Urdal og Romarheim. Kring halvparten vil lausrive seg frå Alver, men det store fleirtalet av desse vil bli ein del av Modalen. Berre tre prosent ønsker å bli ein del av Masfjorden kommune. Dermed ser det alternativet svært lite aktuelt ut.
I Matre har det blitt arrangert folkemøte om det nye datasenteret denne veka, noko mellom anna Strilen har omtalt. Avisa skriv at fleire er skeptiske til datasenteret, mellom anna på grunn av støy, arealbruk og stort behov for kraft. Samstundes ser mange moglegheiter for at datasenteret vil skape nye arbeidsplassar og tilflytting til ei bygd der mange er bekymra for framtidsutsiktene.
Vi ønsker alle lesarar ein god helg. Hugs å tipse andre om Fensfjorden, og følg oss på sosiale medium. Eit likarklikk og ei deling av sakene våre på Facebook betyr mykje for å få spreidd Fensfjorden.no ut til flest mogleg.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
