Tilbake til nyheitsbrev arkiv

Borgarleg side størst i Fensfjorden

Raudgrøn side vann valet, men hadde folk i Fensfjorden bestemt hadde det blitt annleis.

9. september 2025
Logo for Fensfjorden
Nyheitsbrev frå Fensfjorden

Frp er størst i tre av fire fensfjordkommunar

Det er framleis stemmer att å telje, men valet endar med raudgrøn siger. Derimot viser dei førebelse tala for Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje at innbyggarane i desse kommunane ikkje er heilt samstemte med resten av landet.

Til saman har 49,7 prosent av fensfjordingane røysta på dei fire borgarlege partia, og Frp gjer eit brakval. Dei blir størst i regionen med 27,6 prosent, altså over ein fjerdedel av røystene.

Valresultat Fensfjorden 2025
Slik er oppslutnaden for partia i dei fire fensfjordkommunane.

Frp er størst både i Austrheim, Gulen og Masfjorden, men Arbeidarpartiet kjem ikkje langt etter, og er størst på Fedje.

Høgre og Senterpartiet går begge kraftig ned sidan sist stortingsval i alle kommunane.

Her kan du sjå resultata for kvar av dei fire kommunane.

Få også med deg sakene vi publiserte i dagene før valet med nokon av dei lokale politikarane som hadde fått tillit på ein stortingsliste.

Kamilla Bjerkholt Karlsen frå Fedje som har stått heilt oppe på 7. plass på Ap si hordalandsliste, Masfjorden-ordførar Erlend Kvamsdal som har fått endå større nettverk ved å vere ein del av Høgre si liste, og Ingeborg Lohne Hordvik i Austrheim, som har tett samarbeid med toppkandidatane på Raudt-lista.

No skal dei siste røystene teljast, og valresultatet skal fordøyast. Deretter skal vi sjå nærare på valvinnarane, og prøve å finne ut av kva resultatet vil bety for fensfjordregionen.

Beste helsing

Redaktør Øyvind Bjerkestrand

oyvind@fensfjorden.no

Støtt Fensfjorden
Logo for Fensfjorden

© 2025

    • FENSFJORDEN
    • Fensfjorden følgjer Ver Varsam-plakatens regler for god presseskikk.

      • Redaktørplakaten
      • Teikn abonnement
      • Artiklar
      • Personvern
      • Kjøpsvilkår
      • Kontakt oss
      • Om oss
    • Nyheitsbrev

    • Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev


Copyright ©️ Fensfjorden 2025

Utviklet av Skavl Media. Drevet av Subrite CRM.