Tilbake til nyheitsbrev arkiv

Korleis ser dei kommunale tenestene ut i 2040?

No er Gulen sine PwC-rapportar ute.

24. oktober 2025
Logo for Fensfjorden
Nyheitsbrev frå Fensfjorden

Korleis bør kommunane organisere tenestene sine for framtida?

Det er eit spørsmål som heng tett saman med eit anna spørsmål:

Korleis skal kommunane sikre ei berekraftig økonomisk drift?

Dei fleste kommunar stiller seg desse spørsmåla for tida. Både fordi det er dyrtid og mange kommunar sine utgifter stig meir enn inntektene, og fordi demografien endrar seg. Vi blir fleire eldre og færre i arbeidsfør alder. Det betyr at kommunar må omstille seg.

PwC, konsulentselskapet som no har sett nærare på dei kommunale tenestene i Gulen, seier rett ut at dei ikkje trur Gulen vil klare å rekruttere så mykje arbeidskraft innanfor helse og omsorg som prognosane viser at behova vil tilseie.

Gjeld det Gulen, gjeld det også for dei andre fensfjordkommunane.

Dermed er løysinga å sjå på korleis tenestene blir organiserte.

Torsdag fekk kommunestyret i Gulen ein solid gjennomgang av dei nye rapportane til PwC. Rapportane inneheld klare tilrådingar om kva kommunen bør gjere for å klare omstillinga, og ruste seg for framtida.

Det handlar om kor tenestene er lokaliserte, korleis einingane er organiserte, og kva andre tiltak ein kan gjere for å sikre effektiv levering av tenester og best mogleg rekruttering av arbeidskraft.

PwC ser for seg eit nytt "helsehus" i Eivindvik, som inneheld alt av døgnbemanna omsorgsplassar for eldre, og "helsetun" i Brekke og Byrknes med omsorgsbustadar knytt til heimetenesta.

I tillegg føreslår dei å teikne organisasjonskartet på nytt for å sikre at arbeidsoppgåvene blir fordelt på ein mest mogleg effektiv måte.

Bakgrunnen for prosjektet Gulen heldt på med, er at politikarane for to år sidan bestilte ein tiltaksplan for å kutte driftskostnadar.

Økonomi er eit høgaktuelt tema, og i løpet av dei neste vekene startar dei lokale budsjettforhandlingane.

Mange av signala frå kommuneadministrasjonane, både basert på budsjettarbeid og ordinær økonomirapportering, er dei same rundt om i kommunane. Marginane blir mindre, og det blir vanskelegare og vanskelegare å kome i null utan å bruke av disposisjonsfonda, også kjent som dei kommunale sparebøssene.

For Austrheim er situasjonen mest prekær, då dei allereie er i ferd med å nærme seg botn i sparegrisen.

Den situasjonen prøver dei andre kommunane å unngå å hamne i, og alt tyder på at alle fensfjordkommunane går inn i ein budsjetthaust der innsparingar blir eit tema.

På Fensfjorden.no kan du lese om tiltaka PwC føreslår innan helse- og omsorg i Gulen, samt om den politiske behandlinga av rammar og føringar for nye ferjekontraktar i fylket.

Fleirtalet i fylkesutvalet sa ja til forslaget om to ferjer over Fensfjorden, men nei til Høgre sitt forslag om å vurdere oppstart av dette allereie sommaren 2026, i staden for å vente til dei nye kontraktane trer i kraft i 2030.

Vi har også halde eit auge med regjeringa sitt statsbudsjett, og denne veka kom nyheita om at Arbeidarpartiet, etter sterkt press både frå andre parti og eigne lokalpolitikarar, snur i sakene om gjeldssletteordning av studielån og gratis ferje. Dei vil halde på dei opphavelege ordningane, og ikkje dei reduserte variantane som vart presenterte i statsbudsjettforslaget.

Snart kjem vi også med sak om PwC-rapporten knytt til oppvekstsektoren i Gulen. Hovudtrekka er at PwC tilrår at det framleis skal vere oppveksttun med skule og barnehage både i Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes. Derimot føreslår dei at alle ungdomsskuletrinna blir samla i Dalsøyra.

I tillegg anbefalar dei politikarane å prate med nabokommunane, ikkje minst Masfjorden, om meir samarbeid knytt til skulestruktur.

Vi har denne veka også vore innom formannskapsmøtet i Masfjorden, der økonomi var blant tema. Ordførar Erlend Kvamsdal meiner at kommunen bør satse på gode investeringar, til dømes fleirbrukshall, for å skape folkevekst og på den måten ein meir robust økonomisk framtid. Nedgang i folketalet kan gje store konsekvensar for dei kommunale inntektene, melde rådmannen i møtet.

Sak kjem på Fensfjorden.no.

Vi ønsker alle lesarar ein god helg. Tips andre om avisa vår, og at dei kan melde seg på nyheitsbrevet vårt på heimesida. Vidaresend gjerne dette nyheitsbrevet, og hugs å følge oss på Facebook og andre sosiale medium.

Beste helsing

Redaktør Øyvind Bjerkestrand

oyvind@fensfjorden.no

Støtt Fensfjorden

Logo for Fensfjorden

© 2025

    • FENSFJORDEN
    • Fensfjorden følgjer Ver Varsam-plakatens regler for god presseskikk.

      • Redaktørplakaten
      • Teikn abonnement
      • Artiklar
      • Personvern
      • Kjøpsvilkår
      • Kontakt oss
      • Om oss
    • Nyheitsbrev

    • Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev


Copyright ©️ Fensfjorden 2025

Utviklet av Skavl Media. Drevet av Subrite CRM.