
Politisk sesongstart og Fedje på tv
Fredag vart dei tre første episodane av den nye NRK-serien "Jakten på monstermakrellen" lansert på nett, og dei to første episodane blir sendt på linjær-tv i kveld.
Dette er Bård Tufte Johansen og Lars Lenth sin oppfølger til sjåarsuksessen "Jakten på monsterkveita" frå 2023., og denne gong er det Fedje og Hellisøy fyr som er base for fiskinga.
Forhåpentligvis blir ikkje andre fiskeinteresserte hindra frå å kome seg til Fedje på grunn av kansellerte ferjeavgangar, men den siste veka har utfordringane stått i kø. Innstillingar, reserveferje, kviletidsstopp og skyssbåt for å sikre litt kontakt med omverda er oppsummeringa av ferjeveka på Fedje-sambandet.
Medan mange andre kommunar, inkludert Gulen, Masfjorden og Fedje, ventar til slutten av august eller starten av september med sine første politiske møte for hausten, klarar ikkje Austrheim-politikarane å vente lenger enn til tysdag i neste veke med å starte sin haustsesong.
Den økonomiske situasjonen blir sjølvsagt eit nøkkeltema, og politikarane skal få ein oppdatert status på den førebelse rekneskapen for 2025.
I tillegg skal dei sjå nærare på kor mykje pengar kommunen gjev i godtgjersle til dei folkevalde politikarane. Før sommaren bad kommunestyret om ei oversikt, og den blir no levert til formannskapet.
I løpet av eit år betalar kommunen ut kring 2,2-2,3 millionar i godtgjersle til politikarane, litt avhengig av kor mange møte det er i løpet av året.
Av dette er kring 1,2 millionar løn til ordføraren. Om dette er ein budsjettpost der ein kan spare pengar, blir no opp til politikarane.
Fekk du forresten med deg saka om dei engasjerte ungdomane som bidrar til aktivitet i Austrheim, og som søndag lokka sjølvaste ordføraren ut i tube då det vart arrangert fiskekonkurranse og Havglede ved Mastrevik kai. Saka kan lesast her.
Etter ein våt og grå start på august, fekk vi torsdag eit snev av juli-temperatur. I skrivande stund regnar det, men vêrmeldingane for resten av helga og neste veke ser strålande ut, sjølv om det ikkje blir like varmt som tidlegare i sommar.
Nyt helga, og fortsett å hjelp oss med å spre ordet om Fensfjorden slik at ingen som er interesserte går glipp av nyheitsbreva og sakene våre.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
