Tilbake til nyheitsbrev arkiv

Medvind i segla for styrking av ferjetilboda

Fylkespolitikarane er positive til to ferjer på Fensfjorden, og Høgre vil sjå på moglegheita for å få det til allereie neste år. Samstundes seier regjeringa nei til gratis ferje.

17. oktober 2025
Logo for Fensfjorden
Nyheitsbrev frå Fensfjorden

Betre ferjetilbod allereie neste år?

Så framt fylkespolitikarane også klarar å grave fram pengane som trengst for å drifte to ferjer på Leirvåg-Sløvåg-sambandet, ligg alt an til at ferjekvardagen for alle som treng å krysse Fensfjorden blir svært mykje enklare frå 2030.

Kvifor 2030? Kvifor må vi vente i fem lange år? Det er fordi det er då dei nye ferjekontraktane som fylket no skal utarbeide og konkurranseutsette skal gjelde frå.

Det viser seg at det generelt sett er mykje enklare å gjere store endringar i tilboda når det skal utarbeidast nye kontraktar, enn midtvegs i ein kontraktsperiode, men enkelte politiske parti ønsker likevel å prøve.

I ei pressemelding sendt ut fredag ettermiddag, melder Vestland Høgre at dei vil gå for eit vedtak som handlar om å sjå på moglegheita for å innføre ei seglande reserveferje på sambandet allereie frå neste sommar.

I tillegg vil dei ha betre søndagstilbod på Fedje-Sævrøy, og fortgang i arbeidet med å betre rutetilbodet på Masfjordnes-Duesund. Sistnemnde sak er ikkje blitt ein del av arbeidet med nye rutekontraktar, men eit arbeid fylket og kommunen jobbar med parallelt. Masfjorden har signalisert at dei kan vere med å finansiere eit betre tilbod.

Høgre krev også at staten legg meir pengar på bordet for å sikre godt ferjetilbod til innbyggarane i fylket. Ikkje minst krev dei at pengane regjeringa vil spare inn ved å kutte gratisferjer, blir liggande att lokalt.

Gratisferjekuttet er eit av punkta som møter sterk kritikk i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Senterpartiet si stortingsgruppe er såpass misfornøgd med dette og andre punkt i statsbudsjettforslaget som dei meiner er dårleg for distrikta, at dei trugar med å ikkje ein gong gå i forhandlingar.

Eit anna punkt det blir reagert på, er forslaget om å kutte i ordninga med sletting av studiegjeld, som startar opp i 2026.

Austrheim kommune fell no utanfor ordninga, medan innbyggarar i dei 88 kommunane som framleis er med, inkludert Gulen, Masfjorden og Fedje, berre får sletta 25.000 kroner i året i inntil tre år. I det opphavelege forslaget kunne ein få sletta 25.000 kroner i året heilt fram til gjelda var nedbetalt.

Framtidige utfordringar knytt til kommunale helse- og velferdstilbod, særleg knytt til at vi blir fleire eldre og færre i arbeidsfør alder, er eit viktig tema i mange kommunar.

I Austrheim kommune blir det no jobba med ein ny plan for helse- og velferdstenestene. Den skal legge føringar for korleis kommunen skal jobbe strategisk i åra framover.

Austrheim har allereie i dag høgare andel eldre enn landsgjennomsnittet, og utfordringar med rekruttering til helse- og omsorgsyrka, og det kan bli endå meir utfordrande i åra som kjem.

Tidleg innsats og førebygging blir peika på som nokon av dei viktigaste områda å sette inn innsats. Tanken er at jo meir innsats det blir lagt inn på eit tidlegare stadium, jo mindre press kan det bli på dei mest spesialiserte og ressurskrevande tenestene.

Meir om kva som faktisk står i den nye planen kan du lese her.

Vi ønsker med det alle lesarar ein god helg. Hugs å tipse andre om Fensfjorden.no, og følg oss på sosiale medium.

Beste helsing

Redaktør Øyvind Bjerkestrand

oyvind@fensfjorden.no

Støtt Fensfjorden

Logo for Fensfjorden

© 2025

    • FENSFJORDEN
    • Fensfjorden følgjer Ver Varsam-plakatens regler for god presseskikk.

      • Redaktørplakaten
      • Teikn abonnement
      • Artiklar
      • Personvern
      • Kjøpsvilkår
      • Kontakt oss
      • Om oss
    • Nyheitsbrev

    • Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev


Copyright ©️ Fensfjorden 2025

Utviklet av Skavl Media. Drevet av Subrite CRM.