Tilbake til nyheitsbrev arkiv

Difor er fylkespolitikk viktig

Når lokale kommunar må legge eiga utvikling i henda på fylket.

14. november 2025
Logo for Fensfjorden
Nyheitsbrev frå Fensfjorden

Når lokale kommunar må legge eiga utvikling i henda på fylket

Det finst mange meiningar om fylkeskommunen, og ein del meiner at vi like gjerne kunne lagt ned heile forvaltningsnivået.

Fylkeskommunen er på ein måte "dritten i midten", mellom kommune og stat.

Også politiske krefter ønsker endring. I fjor haust gjekk FrP-politikar Terje Søviknes ut i NRK og melde at dei og Høgre ville legge ned fylkeskommunen dersom dei fekk regjeringsmakta.

At forslaget har mykje støtte, er lett å forstå. Det er å lett å peike på fylkeskommunen som den store stygge ulven når lokale kommunar ikkje får det som ein vil, innanfor fylkets tenesteområde.

Kanskje for lett?

Områda fylket har ansvar for er i hovudsak:

  • Samferdsel, fyrst og fremst fylkesvegar
  • Kollektivtransport, inkludert buss, hurtigbåt og ferjer på fylkesvegnettet
  • Vidaregåande skular
  • Offentleg tannhelse

For kommunane rundt Fensfjorden er alle desse områda svært viktige, og alle er aktuelle med tanke på potensielle endringar i tenestetilbodet som fylkespolitikarane no jobbar med.

Ein kan seie kva ein vil om fylkeskommunen, men arbeidet som blir gjort er utruleg viktig for lokalsamfunna som er avhengig av tenestene. Når kommunane sjølv skal peike på saker som er viktige for eiga utvikling, er ofte transport og infrastruktur gjengangarar.

Men desse sakene ligg ofte utanfor kommunane si eiga makt.

Tannhelse og VGS

Fensfjorden har tidlegare skrive om den nye tannhelsestrukturplanen, som framleis ligg ute på høyring. Det langsiktige forslaget i planen er å legge ned klinikken i Eivindvik, til fordel for ein ny og større klinikk på Austrheim. Også Lindås-klinikken skal innlemmast her.

Også den vidaregåande skulen på Austrheim er eit høgaktuelt tema. Neste veke skal fylkespolitikarane starte behandlinga av saka om kva tomt det skal byggast ny skule på.

Denne veka vart det klart at fylkesdirektøren tilrår at det blir bygd nytt på same tomt som skulen står på i dag, sjølv om kommunepolitikarane, med støtte frå Regionrådet og Nordhordland Næringslag, ønsker å legge heile skulen til tomta ved sidan av som går ned mot Mastrevik kai.

Der ligg det i dag verkstadsbygg som skulen leiger.

Tilrådinga til fylkesdirektøren er mellom anna basert på kva som vil vere mest kostnadseffektivt.

Førebelse anslag tilseier at ny skule vil koste mellom 373 og 393 millionar kroner, avhengig av om ein beheld det gamle skulebygget eller bygger alt nytt.

Men ein ting er å bestemme tomteval, noko anna er å starte bygginga av ny skule. Pengane må løyvast av fylkespolitikarane, og det skjer gjennom den årlege behandlinga av budsjett og økonomiplan.

Også det arbeidet er politikarane godt i gang med. Fylkesdirektøren har i sitt forslag til økonomiplan lagt inn midlar til ny vidaregåande på Austrheim i åra fram til og med 2029, men den nye estimerte kostnaden er langt høgare enn det som ligg i budsjettforslaget.

Dermed dukkar det store spørsmålet opp: har fylket nok pengar til å bygge ny skule?

Ber om meir pengar

Det er det opp til politikarane å prioritere, men økonomien i fylket er under press, som både i fensfjordkommunane og i svært mange andre kommunar.

Difor ber fylkesordførar Jon Askeland om meir pengar til fylket gjennom statsbudsjettet. Han peikar særleg på kostnadar til vedlikehald av fylkesvegar og drift av ferjer.

Han meiner pengane som ligg til samferdsel og kollektivtransport i statsbudsjettforslaget er "urimeleg gitt våre utfordringar med betydeleg kostnadsauke og etterslep innan både kollektivtrafikk og vegvedlikehald".

Fylket har eit enormt etterslep på eigne vegar. Det vil koste kring 20 milliardar kroner å ruste alle fylkesvegane i Vestland opp til "opphaveleg standard".

Askeland meiner regjeringa sine midlar til riksvegar, jernbane og luftfart, som ligg på 100 milliardar kroner, viser ei heilt anna satsing på desse samferdselsområda enn på fylkesvegane.

Han vil også at staten skal bidra meir til kollektivtransport, og peiker særleg på at Vestland har vore eit føregangsfylke innanfor elektrifisering av ferjene, noko som har blitt gjort etter politiske signal frå staten.

Kaitrøbbel

Og sjølvsagt er også ferje i fokus denne veka.

I sist veke skreiv vi om usemje blant politikarane etter at fleirtalet i fylkesutvalet sa nei til å vurdere oppstart av to ferjer mellom Leirvåg og Sløvåg allereie frå neste sommar.

No har fylkespolitikarane fått meir hovudbry. Samferdselsutvalet skal i neste veke diskutere korleis dei skal angripe lengdekrav for ferjekaiar. Mange tilleggskaiar er i dag for korte i forhold til statlege retningslinjer, og desse krava kan bli gjort gjeldande ved vesentlege driftsendringar, noko som kan skje når dei nye ferjekontraktane trer i kraft i 2030.

Både kaiane i Leirvåg, Sløvåg og på Fedje er for korte. Det betyr at fylket anten må bygge ut, eller sette inn kortare ferjer. Begge ting kostar mykje pengar, og dei lokale bekymringane er at krav og kostnadar til slutt vil gå ut over rutetilboda.

Fylket si framtid

Det blir neppe nokre store diskusjonar om nedlegging av fylkeskommunen dei komande åra, men debatten vil aldri gje seg heilt.

Utfordringa med å kvitte seg med den brysame mellommannen, er å finne ut korleis dei fylkeskommunale tenestene skal løysast, og ikkje minst, kven som skal løyse dei.

Staten kan ikkje ta ansvar for kvar einaste lokale buss- og ferjerute, og kommunar må eventuelt jobbe saman for å skape eit godt tilbod på tvers av kommunegrensene.

Uansett blir det viktig å følge med på kva som skjer i dei politiske korridorane i fylket, for avgjerdene som blir tatt er svært viktige for våre lokalsamfunn. Og mykje av det som skjer i desse dagar, vil legge føringar for mange år med tenestetilbod innan vidaregåande skule, offentleg tannhelse og samferdsel.

God helg!

Beste helsing

Redaktør Øyvind Bjerkestrand

oyvind@fensfjorden.no

Støtt Fensfjorden
Logo for Fensfjorden

© 2025

    • FENSFJORDEN
    • Fensfjorden følgjer Ver Varsam-plakatens regler for god presseskikk.

      • Redaktørplakaten
      • Teikn abonnement
      • Artiklar
      • Personvern
      • Kjøpsvilkår
      • Kontakt oss
      • Om oss
    • Nyheitsbrev

    • Abonner på vårt vekentlege nyheitsbrev


Copyright ©️ Fensfjorden 2025

Utviklet av Skavl Media. Drevet av Subrite CRM.