
Kan fensfjordkommunane jobbe i lag for å sikre gode nok tenester?
Det er allereie samarbeid mellom kommunane rundt Fensfjorden innanfor enkelte tenesteområde, inkludert NAV og PPT. Gulen og Masfjorden har også nokre eigne samarbeid, til dømes barnevern og brann og redning.
Men kva med helse og omsorg? Eller skulestruktur? Særleg for sistnemnde kan det vere eit poeng å sjå meir på tvers av kommunegrensene.
Det meiner i alle fall konsulentselskapet PwC at Gulen kommune bør undersøke, noko kommunedirektøren stiller seg bak. Når lokalpolitikarane i neste veke skal gjere eit vedtak om vegen vidare i kjølvatnet av dei mykje omtalte PwC-rapportane som vart presenterte tidlegare i haust, tilrår kommunedirektøren at Gulen går i dialog med nabokommunane, både Masfjorden, Austrheim og Fedje.
Tanken er å "sondere interesse, vilje og mogleg gevinst ved eit utvida interkommunalt samarbeid".
Det kan gjelde fleire tenestetilbod, men oppvekst er kanskje mest aktuelt i første omgang.
For PwC tilrår at alle ungdomsskuleelevane i Gulen blir samla på Dalsøyra, men det vil gje lang reisetid for mange elevar. Ifølge Skyss kring 70 minutt aktiv reisetid frå Indre Oppedal og 60 minutt frå Byrknes.
Men kanskje ungdomstrinna i Brekke kan slåast saman med ungdomstrinna i Matre, på tvers av kommunegrensa?
Det er eit døme på ein tanke som allereie har dukka opp i dei politiske diskusjonane.
I tillegg til dialog med nabokommunane tilrår kommunedirektøren at Gulen-politikarane sender PwC-rapportane ut på høyring. Innspela som kjem i denne runden skal vere med å legge grunnlag for korleis dei mest omfattande tiltaksforslaga blir behandla vidare.
Kommunestyret i Gulen skal også vedta budsjett og økonomiplan i neste veke. Føresetnadane tilseier at Gulen må redusere utgifter gjennom dei komande åra.
For å møte ei framtid med meir press på helse- og omsorgstenestene, må kommunane nødvendigvis investere. I Austrheim er det behov for fleire omsorgsbustadar, og politikarane har fått servert ein potensielt god moglegheit for kommunen.
Når bygget/bygga er klare skal dei leigast ut til kommunen, med opsjon om framtidig kjøp. Det betyr null investeringskostnadar og gjennomføringsrisiko for kommunen. Om dette kan løyse Austrheim sitt behov for nye omsorgsbustadar, blir avgjort etter at kommunen har innhenta eit konkret tilbod frå Allstad.
Folkevekst er eit evig aktuelt tema i små kommunar. For to veker sidan kom SSB med dei ferskaste folketala for fensfjordkommunane, og regionen fortset å vekse.
I Masfjorden har blitt advart om at folkenedgang vil ha vesentleg betydning for kommuneøkonomien. Jo færre innbyggarar, jo mindre frie inntekter får kommunen frå staten.
Så kva om Masfjorden plutseleg fekk høve til å auke folketalet med 7,3 prosent, som tilseier 125 nye innbyggarar? Kring halvparten av innbyggarane i Alver-bygdene Romarheim og Vikanes ønsker å lausrive seg, men dei vil ikkje første og framst til Masfjorden. Derimot lokkar Modalen meir.
Men er Modalen klar til å ta imot innbyggarane? Politikarane i Modalen vil ha meir informasjon om konsekvensar for økonomi og tenestetilbod før dei seier ja.
Det treng ikkje politikarane i Masfjorden, som i sitt høyringsinnspel var krystallklare.
"Masfjorden kommune ynskjer sjølvsagt nye innbyggjarar velkommen til vår kommune, også når det gjeld ei evt. grensejustering som i dette tilfellet. Masfjorden kommune vil kunne ivareta innbyggjarane i desse to bygdene på ein god måte, både med tanke på oppvekstvilkåra, arbeidsplassar og helse- og omsorgstenester", skriv politikarane.
Basert på innbyggarundersøkinga i bygdene verkar det lite realistisk at Masfjorden kan få utvida sine kommunegrenser, men er døra heilt lukka? Statsforvaltaren si tilråding til kommunal- og distriktsdepartementet skal vere like rundt hjørnet.
Vi ønsker alle lesarar ein fin desemberhelg. Tips andre om Fensfjorden.no og nyheitsbrevet vårt, og følg oss gjerne på Facebook.
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
