
Folkevekst, skuleplanar og ny drivkraft for Masfjordsambandet
To av sakene i opplæringsutvalet sitt møte i fylkespolitikken denne veka har stor relevans for den vidaregåande skulen i Austrheim, ein skule som er viktig for heile fensfjordregionen.
Ei av sakene handlar om kvar det skal byggast ny skule. Dagens skule er i dårleg stand, og er blant skulane i fylket som står fremst i prioriteringskøen for å få ei totaloppgradering.
Onsdag drøfta fylkespolitikarane lokalisering av den nye skulen. Austrheim kommune vil ha bygget på "verftstomta", i området ned mot Mastrevik kai.
"Tomta ligg flott og skjerma til i sjøkanten, og gir Vestland fylkeskommune høve til å byggja ein vidaregåande skule som kan bli eit fyrtårn og eit utstillingsvindauge for heile fylket. Eit nytt skulebygg her vil kunna vera eit kraftfullt bidrag til utviklinga av Mastrevikområdet og styrkja samspel mellom utdanning, næringsliv og lokalsamfunn", står det i uttalen som kommunestyret i Austrheim gjekk inn for.
Sjølv om fylkesdirektøren peika på tomta like ved, der skulen er plassert i dag, ønsker fylkespolitikarane å sjå vidare på begge alternativa. Dei vil ha eit betre kunnskapsgrunnlag før dei vil sjå på saka på nytt i januar. Etter planen skal eit endeleg vedtak om tomteval gjerast av fylkestinget i mars.
Austrheim VGS har tidlegare hatt påbyggsklasse, og like før skulestart i år vart den oppretta på nytt basert på høge søkartal i heile fylket. Men politikarane vil ikkje tilby påbygg for komande skuleår.
Derimot vil dei opprette ei ny linje, VG2 overflateteknikk. Dette skjer etter initiativ frå lokalt næringsliv, som ønsker å medfinansiere tilbodet.
I fylkespolitikken har også Masfjordsambandet blitt diskutert. Masfjorden kommune ønsker å sikre framdrifta ved å sjølv ta over vidare planlegging og utgreiing. Fylkespolitikarane var positive til å la Masfjorden ta styringa, og yte tilskot tilsvarande 25 prosent av planleggingsutgiftene kommunen får.
Mange i Masfjorden meiner brua er ein av nøklane for å gjere kommunen til eit attraktivt lokalsamfunn i framtida, og kanskje kan ei bru bidra til tilflytting?
Folketalet veks i fensfjordkommunane, også i 3. kvartal, som torsdag vart publisert av SSB.
Folketalet har auka i regionen dei siste åra, men det hadde ikkje skjedd utan busetting av ukrainske flyktningar. Det melde Arngunna Haga då ho besøkte kommunestyret i Austrheim.
Flyktningane førar til auka utgifter til sosiale ytingar for kommunane, men dei som kjem seg ut i jobb kan bli ein stor ressurs for den lokale arbeidsstyrken. Det kan vere viktig i åra som kjem der vi blir fleire eldre og færre i arbeidsfør alder.
På landsbasis er nesten 60 prosent av ukrainarar som har fullført introduksjonsprogrammet i jobb.
Det første ordentlege snøfallet for vinteren har prega Fensfjorden dei siste dagane, men den vinterlege stemninga varar ikkje lenge. Allereie i løpet av fredag blir det mildare, og snøen er venta å regne vekk.
Sjølv om det vêrmessig kan bli grått, ønsker vi alle lesarar ein god helg. Hugs å tips andre om Fensfjorden.no!
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
