
Store vgs-planar er lysglimt i tider med stram kommuneøkonomi
Ikkje uventa er det eit stramt budsjett. Det blir kutta til beinet i dei kommunale einingane, og dei lovpålagde tenestene blir prioriterte.
Det er full stopp i nye tilsettingar, med mindre det er heilt nødvendig for å levere det kommunen skal levere.
– I dette forslaget ligg det nedbemanning, sa økonomisjef Odd Harald Dommersnes.
Samstundes får dei tilsette skryt for korleis dei har handtert innsparingar gjennom heile året, samt den nye budsjettprosessen.
Administrasjonen sitt forslag legg opp til eit overskot på kring seks millionar i 2026. Det er samstundes mindre enn kommunen har som mål å gå i pluss, med tanke på behovet for å fylle opp den kommunale sparegrisen. Kommunen sitt disposisjonsfond er nemleg såpass lite at det ikkje skal mange år med driftsunderskot til før ROBEK-lista nærmar seg.
Meir positivt er det at fylket er i gang med ein prosess for å oppgradere Austrheim vidaregåande skule. Den tidlegare kutt- og nedleggingstruga skulen skal etter planen byggast om, og fylket har fått utarbeidd ein moglegheitsstudie som har sett nærare på fem ulike lokaliseringsalternativ.
Politikarane i Austrheim vil plassere skulebygget på alternativet som blir omtalt som "verftet", altså området ned mot kaien i Mastrevikane som skulen i dag nyttar som verkstadsområde.
Som einaste vidaregåande skule langs kysten mellom Knarvik og Dale i Sunnfjord, er Austrheim vgs ein viktig institusjon for heile fensfjordregionen.
Fylket har også ansvaret for tannhelsetilbod, og i desse dagar jobbar politikarane med ein ny plan for framtidig tannhelsestruktur. I dag har innbyggarane rundt Fensfjorden offentleg tannhelsetilbod anten på Lindås eller i Eivindvik, men fylkesadministrasjonen skisserer ei anna løysing.
Forslaget er å legge ned desse to klinikkane, til fordel for ein større klinikk plassert i Austrheim.
Godt nytt for dei som får tilbodet nærare plassert, og ikkje like godt nytt for dei som mister klinikken i Eivindvik. Fylkesadministrasjonen peikar på at klinikken i Eivindvik har "lågt pasientgrunnlag" og "forventa utfordring" med rekruttering.
Enn så lenge er det berre på forslagsstadiet, og endringane er ikkje føreslått før i perioden 2030-2035.
Diskusjonane etter fylkesutvalet sitt ferjevedtak i sist veke fortsetter. Ordførar i Masfjorden, Erlend Kvamsdal, er skuffa over at fleirtalet ikkje vedtok noko om forbetring av tilbodet på Masfjordnes-Duesund.
Les meir om kva ordføraren meiner, og svaret frå KrF-politikar Trude Brosvik her.
Få også med deg sakene om konsulentselskapet PwC sine rapportar og tilrådingar for å møta framtidas utfordringar i Gulen kommune. Dei har sett nærare både på helse og omsorgssektoren, og på oppvekst.
Eit kortsiktig skuletiltak kan vere å samle alle ungdomstrinna i kommunen på Dalsøyra, men for framtida oppmodar PwC til at det blir oppretta dialog med nabokommunane, ikkje minst Masfjorden.
Budsjettarbeidet er godt i gang også i dei andre kommunane, mellom anna i Gulen der eit forslag vart lagt på bordet til politikarane torsdag. Vi skal følge opp og dekke budsjettforhandlingane i alle kommunane fram til endelege vedtak skal gjerast i desember.
Hugs å spreie ordet om Fensfjorden.no, og tips andre om å melde seg på nyheitsbrevet vårt. Vi takkar for all støtte, og gler oss til vegen vidare.
God helg!
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
