
Alversundbrua må byggast, men kva vil det koste for andre fylkesprosjekt?
Samferdsel er blant dei viktigaste aspekta for å skape god bygdeutvikling i distrikta, men det handlar ikkje berre om vegar og infrastruktur innanfor eigne kommunegrenser. Også vegane som koplar utkantstrøka til meir sentrale strøk er viktige.
Det er ein av grunnane til at den nye Alversundbrua er viktig også for mange innbyggarar i fensfjordområdet.
Den andre grunnen er at jo meir pengar som går til brubygginga, jo mindre blir det att til andre samferdselsprosjekt i fylket.
Kostnadssprekk
No viser det seg at brua blir dyrare enn planlagd. Fylket har hatt anbodsrunde og plukka ut ein entreprenør, men før ein avtale kan signerast må fylkespolitikarane godkjenne at kostnadsramma blir auka med 125 millionar kroner.
Det er fylkestinget som skal gje ein endeleg tommel opp i mars, men politikarane i samferdselsutvalet drøfta saka allereie torsdag denne veka. Reaksjonane frå politikarane var som venta. Dei er oppgjevne over ein ny kostnadssprekk på eit nytt stort samferdselsprosjekt, men samstundes tydelege på at den nye Alversundbrua uansett må prioriterast.
Dei er også einige med fylkesdirektøren i at det sannsynlegvis er lite å hente i å lyse ut prosjektet på nytt.
Mindre til andre prosjekt
Mange er nok støttande til at Alversundbrua er eit av dei viktigaste samferdselsprosjekta i fylket, men kostnadssprekken gjev likevel konsekvensar.
125 millionar ekstra til brua betyr 125 millionar mindre til andre prosjekt. 125 millionar ville gjeve enorme vegløft til kommunar som Austrheim, Gulen, Masfjorden og Fedje.
Kvar vår presenterer fylket kva fylkesvegstrekningar som skal få nytt vegdekke i løpet av året. Med unntak av nokre meter med gang- og sykkelvegar i Austrheim, er det berre dei 2,5 kilometrane med fylkesveg til Mjømna som er blant dei lokale fensfjordvegane som er inne på lista over prioriterte reasfalteringar i 2026.
Asfalteringsetterslepet i fylket er massivt, og det aukar år for år. Kostnadane for asfaltering aukar også kraftig.
Vegavdelinga planlegg ordinær reasfaltering av 160 kilometer med fylkesveg i år, men dette talet burde nesten vore dobla for å hindre at etterslepet aukar.
Ferjekaiutfordringar
At eit prosjekt som Alversundbrua blir dyrare enn tidlegare estimert, og at asfalteringskostnadane aukar, førar til at politikarane berre får det vanskelegare når det skal veljast mellom nye investeringar. Og brukostnadane er ikkje den einaste ekstrautgifta fylket får.
Fram til dei nye ferjekontraktane trer i kraft i 2030 må ei rekke ferjekaiar oppgraderast. Nokon fordi dei er i for dårleg stand, medan andre fordi tilleggskaiane, altså den delen av kaianlegget som går parallelt med ferja når ferja ligg til kai, er for korte samanlikna med nye statlege tryggleikskrav.
Sidan mange av oppgraderingane skuldast nye statlege krav, vil fylket prøve å legge press på staten til å ta rekninga. Men viss fylket sjølv må betale, blir det nye millionar som går på kostnad av andre samferdselsprosjekt.
Samstundes er ingen av ferjekaiane på Leirvåg-Sløvåg-sambandet inne på lista over prioriterte oppgraderingar, sjølv om begge har for korte tilleggskaiar. Det betyr at dei risikerer å ikkje bli godkjende for drift med like lang ferje som i dag.
Jobbar med ny vidaregåande skule
Spørsmålet er om auka samferdselskostnadar i verste fall også kan påverka andre fylkeskommunale investeringar?
Ny vidaregåande skule i Austrheim er blant dei viktigaste skuleprosjekta til fylket, men den eksakte prislappen er framleis usikker. Det same gjeld kor mykje forskjellen blir på dei to ulike tomtealternativa. Kommunen sitt førsteval er “verftstomta”, altså tomta ved den gamle slippen ved Mastrevik kai.
Fylkesdirektøren peikar derimot på tomta like ved, nemleg same tomt som skulen sitt hovudbygg står på i dag. Det er grunngjeve med at det førebels er det billigaste alternativet.
Fylkespolitikarane held førebels døra open for begge alternativ og saka skal etter planen avgjerast i april. Innan den tid skal fylket gjere grunnundersøkingar knytt til potensiell forureining av “verftstomta”, medan eigarane av tomta skal kome med eit pristilbod. Dagens eigarar skal også vurdere kjøp av den gamle vidaregåande-tomta.
Austrheim kommune skal på sin side ta stilling til om dei vil ta på seg oppgåva med å oppgradere sjølve kaifronten på tomta til å bli eit attraktivt, offentleg fellesområde.
Resultatet av dette arbeidet kan bli avgjerande for politikarane sitt endelege tomteval.
Kostnadsspørsmål kring idrettshall og basseng
Alt kostar pengar, også for kommunane sjølve. Gulen kommune har i mange år drøfta moglegheitar for å bygge idrettshall og basseng, og behova er tydelege. Ei potensiell løysing har dukka opp gjennom Vestland fylke si “nyskapande aktivitetsanlegg”-ordning.
Der har Gulen og Masfjorden i lag fått utarbeidd, på fylket si rekning, planar knytt til eit nytt aktivitetsanlegg med både idrettshall, basseng og kulturrom. Alternative plasseringar er Sløvåg og Dalsøyra, men arktitektane som utarbeidde moglegheitsstudien har peikt på Dalsøyra som lokasjon.
Politikarane i Gulen drøfta saka i sist kommunestyremøte, og dei er positive til å greie ut prosjektet vidare. Noko av det viktigaste for politikarane i første omgang er dialog med Masfjorden. Samstundes vil dei prate med idrettsaktørar og næringslivet. Ikkje minst kan sistnemnde part bli viktig med tanke på finansiering.
For prosjektet som vart presentert er dyrt. Den samla prislappen er grovt estimert til 325 millionar. Den kommunale eigenandelen vil samstundes bli ein del mindre når ein legg til momskompensasjon og potensielle spelemiddeltilskot.
I tillegg treng ikkje kommunane å bygge heile anlegget, i alle fall ikkje i same sleng. Tar ein vekk eller utset bassengdelen av anlegget, kan prosjektet reduserast med drygt 100 millionar kroner.
Alt kostar pengar, men investeringar blir kalla nettopp investeringar av ein grunn. For mange kommunar og fylke blir nøkkelen framover å vedta prosjekt som gjev mest mogleg for pengane. Å skape nye tilbod kan også vere ein nøkkel til å skape folkevekst og bulyst, og dermed sikre kommunale inntekter på lang sikt.
Men nokon gongar blir desse faktorane sett opp mot kvarandre.
Fylket jobbar med ein ny plan knytt til lokalisering av den offentlege tannhelsa. Dei administrative forslaga som ligg på bordet er å fjerne klinikkane i Eivindvik og på Lindås, til fordel for ein ny klinikk på Austrheim.
Deler av målet til fylket er å skape eit berekraftig økonomisk tilbod, men kva vil det bety for bygdene som mister klinikkane sine?
I andre enda meiner innbyggarane på Fedje at endringane ikkje kan kome raskt nok slik at dei får kortare reiseveg til tannlegen.
Det er mange spennande saker som pregar fensfjordregionen, og vi gler oss til å følge med vidare på det som rører seg.
God helg!
Beste helsing
Redaktør Øyvind Bjerkestrand
oyvind@fensfjorden.no
